Glade julebordsgjester.

Julebord

Vestnes Pensjonistlag avslutta 2019 med julebord.

Onsdag 11. desember samlast 35 festglade pensjonistar til julebord på Vestnes Fjordhotell. Litt vanleg møtekultur var det, for Ingvald Vestnes hadde ord for dagen, og ord til ettertanke sytte leiar for sjølv. Eit par allsongar var også på programmet.

Underhaldar denne kvelden var Mathis Kaldvatsvik. Med eit instrument som likna eit trekkspel, hadde han fullt akkompagnement til alle songane sine. Ein kan vel seie at han òg hadde full kontroll på publikum, for han fekk god respons på val av songar, og måten han presenterte programmet sitt på. Så vart julebordsgjestane oppfordra til å danse, noko fleire av dei gjorde. Det er fint med underhaldning og aktivitet som får folk til å le og kose seg.

Høgdepunktet for kvelden var like vel maten. Her vart servert både svineribbe og pinnekjøt, med velegna tilbehør, og alt var retteleg velsmakande. God dessert og kaffi høyrde sjølvsagt med. Jau, dette var godt.

Leiar i laget, Gerd Misfjord, kunne avslutte med å takke for laget i 2019, og ønske vel møtt til nytt møte den 15. januar i 2020. Så stod det berre att å ønske alle ei riktig god jul.

0 resultater