Oddgeir Bruaset

Julefeiring og juleskikkar

Rekordmange, over 60 personar, kom til Vestnes Pensjonistlag sitt møte onsdag 13.11.19 for å høyre Oddgeir Bruaset sitt foredrag om «Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Denne joviale karen, kjent frå TV-serien «Der ingen skulle tur at nokon kunne bu», har mange tilhengar. Fleire av dei var nok på møtet, og dei vart ikkje skuffa.

Men, før det blir meir Bruaset, skal det nemnast at opplegget på møtet gjekk etter den kjente malen. Astrid Grebstad leste diktet «Velsignet være» av Hans Børli som ord for dagen, og Kaare Lervik las diktet «Stønna» av Hans Ludvig Fredheim som ord til ettertanke. Matøkta var både god og fin, og sjølvsagt var det åresal. Møtet begynte med song og vart avslutta med ein song. Slik sett var alt innafor tradisjonen.

Foredraget til Oddgeir Bruaset var òg i tråd med tradisjonar, og her kan ein snakke om lange tradisjonar. Bruaset starta med ei hending frå 1908 på Lotsberg i Nordfjord, og bygde så vidare på hendingar og tradisjonar frå mange einslege stadar i landet. Slike stadar er det mange av, og Bruaset har besøkt dei fleste gjennom programserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.»

Tradisjonen med juletre er ikkje så gammal hos oss. Her er Bruaset sine eigne ord om dette temaet: «I meir enn hundre år har juletreet hatt ein sentral plass i den norske jula. Til oss kom det litt før midten av 1800-talet. Lenge var motstanden mot juletreet stor. Somme kjempa imot av religiøse grunnar. Då ein patriark i ei sunnmørsbygd for første gong såg folk gå rundt juletreet, sa han: ”Ja, dette er plent som då israelittane dansa rundt gullkalven i øydemarka.”

 

Andre var imot juletretradisjonen fordi dei var redde for skogen sin. Og sjølv ho som i dag held til på Kjeåsen i Hardanger, måtte lenge feire jul utan juletre i stova. Tanta kunne ikkje tillate at ei fin lita gran vart hoggen før ho kunne bli til byggjevyrke. Ei grein fekk greie seg.» Han kom òg med eksempel på korleis folk måtte improvisere for å få juletre, for det er ikkje skog alle stader i landet vårt. I dag har vi eit vell av juletre, ute som inne. Og det finst ikkje ei bygd eller ein by som ikkje har ei stor gran på torget eller i bygdesenteret.

Det mest vanlege i dag er at kyrkjeklokkene ringer jula inn, men ikkje alle bur slik til at dei kan høyre kyrkjeklokkene. Bruaset fortalde at ein annan måte å markere at jula begynte, var å skyte jula inn – med kuler og krut. Når klokka fortel at det ringjer frå alle landsens kyrkjer, går karane på Argehovd, Liset og Lie ut på tunet og rettar geværa mot kveldshimmelen, med koner og born som vitne. Og når det smell frå eit tun, kjem det fort svar frå eit anna.

 

Mattradisjonane vart det òg snakka om. Julekveldsmåltidet er det mest tradisjonsrike vi har, i følgje Bruaset. Husstandane held seg til ein fast rett år etter år, og kva som blir ete, er ofte avhengig av kvar i landet ein bur.  Middagen på sjølve julekvelden varierer også i dag. Somme har fersk fisk, nokre har lutefisk, men dei fleste har svineribbe eller pinnekjøt. Etter kvart har pinnekjøtet flest brukarar.

 

Somme feirar jula åleine. Jon Skaar er ein av dei. Han bur ei lita mil inne i  Fyksesundet i Hardanger. Der har han feira kvar einaste jul heile sitt snart 90 år lange liv, dei siste 40 åra heilt åleine, fortel Bruaset. Han var ein av dei som Bruaset gjesta i eit av programma sine. Det førte til at han fekk besøk av ei ung kvinne frå Oslo nokre år etter at programmet vart vist på TV. Det vart ei jul han såg fram til å få fleire av, men i mai året etter døydde han. Jau, det er mange som feirar jula åleine.

 

I tidlegare tider var det òg mange som gjorde svært mykje for å vere saman med bygdefolket på julegudstenesta. Foredraget inneheldt mykje om dette og mangt anna, så det vil føre for langt å skrive om alt det Oddgeir Bruaset kunne fortelje, men det var svært interessant, og ofte rørande, å høyre på han. Mange fleire får høyre det same foredraget, for han skal vitje mellom 15 og 20 stader før han blir ferdig 21. desember. Fleire enn oss som var på møtet på Vestheim denne onsdag ettermiddagen, vil gå heim att med ei kjensle av vørdnad for det som har vore, og ei glede over det som er. Bruaset avslutta like vel med eit par spørsmål: «Jau, utkantfolket er tradisjonsbundne. Kanskje har vi noko å lære? Kanskje hadde vi meir moderne menneske kjent oss rikare om vi heldt fast ved dei gamle juleskikkane framfor å fylle jula med stress, slik vi har så lett for gjere?»

 

0 resultater