Formannskapet i Årdal Kommune

Nyleg vedtok politikarane å ta med kjærleiksgaranti i helse- og omsorgsplanen

Jobbar for at eldre par får dela rom på sjukeheim: – Betyr mykje for livsglede og tryggleikskjensle

Årdal: Ordet er flott, og det er betydninga òg. 

Kjærleiksgaranti er ein kvalitetsgaranti for eldre som er pleietrengande, og betyr at eldre ektefeller og sambuarar skal få bu saman i omsorgsbustad eller på sjukeheim om dei ønskjer det. 

Det var arbeidarpartiet ved Kirsti Eklund, som føreslo å leggja til punktet i helse- og omsorgsplanen for 2019 til 2029. 

– Å få leva med sin kjære når ein vert gamal og treng hjelp til pleie, betyr mykje for livsgleda og kjensle av tryggleik. Arbeiderpartiet vil sikre at par som ynskjer det kan få bu saman dei siste åra av livet, når begge er avhengige av omsorgstenester, seier Eklund til Porten.no og legg til:  – Det er sjølvsagt eit val dei eldre para sjølv må gjera, ingen skal føle seg presse til å måtte bu saman. Vi må ha forståing for at nokon av ulike årsaker vel å bu kvar for seg.

Ho er klar på at kommunen må laga klare retningslinjer for kjærleiksgarantien, slik at faglege vurderingar skal ligga til grunn for kven som får tilbodet.

– Ikkje stor pågang i dag

Mette Hestetun Berg, kommunalsjef for helse, seier at administrasjonen syntes det var naturleg å innarbeida punktet i helse- og omsorgsplanen. 

Kjærleiksgaranti eller sambuargaranti, er ikkje noko nytt for kommunen. Det vert lagt til rette der det er mogleg, men det er nokre tekniske utfordringar som storleik på romma og liknande, fortel Hestetun Berg.

Førebels er det derimot ikkje stor pågang frå eldre som ønskjer å dela rom, per i dag.  

– I dag får dei få spørsmål om å dela rom. Dei har fått spørsmål frå dei eldre om at dei vil ha plass på same sjukeheim eller omsorgsbustad, seier Hestetun Berg.

Skal byggja ny sjukeheim

Eit punkt som også står i helse- og omsorgsplanen, er at det skal startast planarbeid for ein ny sjukeheim plassert på Årdalstangen. 

Den nye sjukeheimen skal ha både korttids- og langtidssplassar. 

– Me har teke kjærleiksgarantien med i planen, så det må me tenkje på det når me arbeidar med utforminga av ein ny sjukeheim, seier kommunalsjefen. 

Porten.no

0 resultater