Randi Skaget

Reiselyst i Vestnes Pensjonistlag

På medlemsmøtet i Vestnes Pensjonistlag 23. oktober 2019 var opphald på Solgården i Spania hovudtema. Heilt klart eit tema mange var interesserte i, for 58 personar møtte opp.

Også dette møtet måtte opnast med tenning av lys og ei lita minnestund. Denne gongen skulle vi minnast Jorid Misfjord, tidlegare tillitsvald og mangeårig medlem i laget. Noko spesielt, må ein kunne seie, var at ho døydde 3 ½ time før ho skulle fylle 90 år.

Etter song og minnestund kom Randi Skaget fram og fortalde om Solgården i Spania, ein stad mange kjenner godt til. Dessverre svikta dei teknikkeske hjelpemidlane så alle bilda Randi Skaget hadde med, fekk ingen sjå. Etter orienteringa fekk alle interesserte med seg både refleks og brosjyre, i tillegg til minnet om ein svært entusiastisk forteljar, så ein kan godt seie at forsamlinga vart godt orientert.

Alle møta i pensjonistlaget følgjer eit fast mønster med ord for dagen og ord til ettertanke, allsong, utlodding og orientering om det ein kan kalle lagssaker, av leiar Gerd. I alle førehandsomtalane i lokalavisa av medlemsmøta i laget, brukar ho å nemne saker lokallaget og Pensjonistforbundet sentralt er opptekne av. Dette er noko mange av medlemmane set pris på.

Eit av høgdepunkta på møta, er matøkta. Da får alle snakke saman og nyte maten. Denne gongen var det ekstra stas, for her vart det servert svært god kjøtsuppe og kaffi og svele. Jau da, det er fint å vere samla i regi av Vestnes Pensjonistlag.

0 resultater