Møtedeltakarar frå Vestnes kommune

Høstkonferansen 2019

Viktige arbeidsdagar i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal er over. Ein god dag i Molde onsdag 9. oktober.

Dei årlege haustkonferansane i regi av Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, er som regel gode dagar i høve arbeidet til pensjonistlaga. Samlinga i Molde hadde mange deltakarar, og var rett så innhaldsrik. Alle dei fire pensjonistlaga i kommunen var representerte. Referatet på Pensjonistforbundet Møre og Romsdal si heimeside er dekkande for innhaldet, så det blir ikkje kommentert her, men berre seie at slike konferansar er viktige for lokallaga.

I sitt foredrag snakka Melvin Steinsvoll om Eldrerådet og det nye lovverket rundt dette. Han meinte det er viktig at Eldreråda «får den innflytelse som trengs for å ivareta seniorene på en god måte». Her er opplæring av tillitsvalde svært viktig, noko som òg kom fram denne dagen. Heile dagen under konferansen var i grunnen god opplæring.

0 resultater