Møte på  Sanitetshuset 02.10.19

PENSJONISTMØTE 02.10.19

TILBAKE TIL 50 - TALET FOR YTRE HERØY PENSJONISTANE

For pensjonistane er det ei glede å samlast første onsdagen i månaden på Sanitetshuset. Derfor var det naturleg at Steinar Åheim spelte til «Samlesong» etter at Anlaug Varhaugsvik hadde ønskt oss velkomne til pensjonistmøtet.

Anlaug las også eit dikt ho hadde fått tilsendt, «Ein lykkeleg pensjonist».

Anlaug og Roar ga informasjon frå styremøte, distriktskonferanse og andre saker for pensjonistane.

Sparebanken Møre vil verte kontakta for å kome å dele ut Den gyldne spaserstokk og merke.

Song er viktig på pensjonistmøta og Steinar har songane klar. Neste allsong var «Vi skal gå hand i hand.»

Roar Skoglund hadde valt seg eit Jakob Sande dikt til Ord for dagen . Og Roar deklamerte på dyktig vis «Etter ein rangel».

Og då var det naturleg at neste song var «Då Daniel drog» av Jakob Sande.

Så kom eit av høgdepunkta, kaffi og bollar med drøs rundt borda samt utlodding med mange gevinstar.

Jakob Haugen var der med to filmar frå 1956. Vi fekk også Jakob sine kommentarar til filmane.

Den første var «Ein doktors dag i Herøy». Doktoren var turnuskandidat Hellum. Med på filmen var også for mange av oss kjente sjukesøstre og pasientar samt distrikstlege Tveit. Og Jakob Haugen sin far, Hans Haugen, med sin båt «Hallkjell» var sjølvsagt med.

Neste film var om sildefisket i 1956. Der fekk vi sjå både frå havet og frå mottaket på sildeoljefabrikkane i Fosnavåg og Mjølstadneset. Ein av dei kjente båtane var Langenes med Petter K Sævik.

Steinar Åheim tok på seg trekkspelet og vi song « De nære ting» før Steinar gleda oss instrumentalt med ein svensk melodi.

Møtet vart avslutta med «Fager kveldssol».

0 resultater