Grendalaget

Internasjonal dag for eldre

Den internasjonale eldredagen vart markert på Gjermundnes vidaregåande skule søndag den 29. september. Tema for dagen i 2019 er retta mot FN sitt berekraft-mål nummer 10, og handlar i hovudsak om korleis ein kan få bort ulikskapen mellom eldre. Ein kan nok ikkje seie at dette kom fram i arrangementet, men det er positivt at eldre frå heile kommunen får komme saman.

I Vestnes er det eldrerådet som er ansvarleg for å markere Den internasjonale eldredagen, men eldrerådet brukar å overlate det tekniske ansvaret til eit lag eller ei foreining i kommunen. Denne gongen var det stiftinga Bårdplassen i Vikebukt som hadde fått oppgåva, og ut i frå mandatet sitt, gjennomførte dei oppdraget med glans

100 personar sette seg rundt svært fint pynta bord. Som det høyrer med ved slike samkomer, vart det framført eit par allsongar, toradargruppa Grendalaget spelte, humorist Anita Nyhagen underheldt, ja, far hennar, Olav Nyhganen og Knut Romestrand, var òg på scena. Åresal måtte være med for inntekta si skuld, og der var det fine gevinstar, men framfor alt var det god middag med påfølgjande kaffi og eit rikhaldig kakebord.

Lars Christian Fjørtoft, Eldrerådet og Anna Balstad, representant for arrangørane.

Dei frammøtte hadde ei triveleg stund saman. Dersom lydanlegget hadde vore godt, hadde utbyttet av underhaldninga vorte mykje betre. Konklusjonen blir like vel at mange eldre i Vestnes fekk godt utbytte av dagen. Det var òg noko av det leiar i Vestnes Eldreråd, Lars Christian Fjørtoft, var inne på i sin takketale til representanten for arrangørane, Anna Balstad.

0 resultater