To gode leiarar: Melvin Steinsvoll og Gerd Misfjord.

Vestnes Pensjonistlag 40 år

Nærare 60 personar var onsdag 11. september samla på Vestnes Fjordhotell for å feire Vestnes Pensjonistlag sine 40 år med middag, talar og utdeling av heidersmerke.

Laget sin dyktige leiar, Gerd Misfjord, hadde gått gjennom gamle møteprotokollar og kunne gi eit godt samandrag av laget si historie. Som ein del av sitt sosiale arbeid, hadde Vestnes Røde Kors kalla inn til det møtet i september 1979 som resulterte i stiftinga av Vestnes Pensjonistlag. Ikkje mindre enn 70 personar meldte seg inn i laget den dagen. Fleire har vore leiarar, og både medlemstalet og aktiviteten har variert gjennom åra som rimeleg er. I dag har laget 136 medlemmer og har eit høgt aktivitetsnivå.

Etter middagen var det underhaldning med song til gitarakkompagnement av Marit Ellen Lund Salthammer og Elisabeth Selnes. Karl Arne Frantzen underheldt også.

Desse vart heidra.

Hovudtalar var Melvin Steinsvoll som i dag er leiar av Pensjonistforbundet Møre og Romsdal. Han snakka om det viktige arbeidet Pensjonistforbundet gjer, men òg det arbeidet kvart enkelt lag rundt i bygd og by gjer for sine medlemmer. Som avslutning på sin tale, fekk han dele ut Pensjonistforbundet sin diplom og gullnål til ni personar som hadde gjort ein ekstra stor innsats for laget. Det var Helma Misund, Karin Lindheim, Jorid Misfjord, Jostein Kirkeslett, Kaare Lervik og Lars Christian Fjørtoft. I tillegg fekk Birger Lilleheim, Borghild Skoglund og Einar Stokkeland same heideren. Helma med sine 96 år, hadde naturleg nok lengst tid i laget, og ho vart heidra ekstra med at Ingvald Vestnes las to av hennar mange dikt.

Sjølvsagt var det òg gratulasjonshelsingar. Arne Vike helsa får Vike Pensjonistlag, Ivar Arne Gjeitnes frå Tresfjord Pensjonistlag og Oddbjørn Husøy frå Tomrefjord Pensjonistlag.

Etter over tre timar var ein verdig jubileumsfest over.

0 resultater