Felles pensjonistmøte for Indre og Ytre Herøy pensjonistlag. Gjestar frå Sande og Volda pensjonistlag. Foto: Solfrid Hagemann

STORT PENSJONISTMØTE PÅ MØRE 05.09.19

Å SAMLAST ER EI GLEDESAK NÅR VENER KJEM TIL TING

Dette er starten på songen «Samlesang» som pensjonistane på fellesmøte på Møre barne- og ungdomsskule fredag 05. september starta møtet med. Men først hadde leiarane i Indre og Ytre Herøy Pensjonistlag, Solfrid Hagemann og Anlaug Varhaugvik, ønskt alle velkomne. På møtet var også innbodne gjestar frå pensjonistlaga i Volda og Sande.

Anlaug las eit dikt med tankar om valet, som stod rett framføre oss.

Nestleiaren i Ytre Herøy Pensjonistlag Roar Skoglund hadde Ord for dagen: Apropos likestilling, som kunne få oss til å tenke på likestillinga gjennom tidene.

Fred Frantsen og Bjørn Prytz spelte og song til oss, slik også under allsongane. Og før Torill Myren slapp til med sitt kåseri, song vi «Høyt over fjellet har du din vei.»

Torill Myren førte oss gjennom tiåra frå 50 – talet. Hadde ho levd på 50 – talet ville ho vore mann på grunn av manglande likestilling og moglegheiter for kvinnene. Ho spurte om vi bruker den erfaringa vi gjennom livet haustar til noko. Gjennom det frivillige å gjere noko for andre, det gir liv og glede. Både til den som gir og til den som mottar.

Så fekk vi glede oss over eit par songar med Bjørn og Fred. Først «Helsing frå Herøy» med melodi av Basar og tekst av Ivar Grimstad. Så kom ein skikkeleg trykkjar, sa Bjørn. Engelbert Humperdinck sin «Please release me.»

Frå Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal hadde vi besøk av nestleiar Anne Lise Hessen Følsvik og fylkessekretær Aud – Berit Eidhammer. Desse overrekte heidersbevis med smykke eller nål til 10 medlemmer med 10 års medlemskap i pensjonistforbundet. (Sjå eige stykke om dette.)

Fred og Bjørn fortsette så med «Måke fortell» og «De nære ting». Godt hjelpte vart dei av songglade pensjonistar.

Etter «Gud signe maten» vart det matpause med kaffi, smørbrød og skuffekaker i store mengder. Og medan vi åt og prata ved borda vart det selt lodd, som førte til at mange kunne ta med seg gevinster heim.

NRK ville ha pauseunderhaldning med opptak av valdebatt i bakerste delen av salen vi heldt til i. Vi kan sikkert vere samde i at det ikkje vart den store underhaldninga for pensjonistane.

Etter pausen kom Fred og Bjørn igjen på scena med «Jag har hørt om en stad ovan molnen» og «Jesus du som fyller alt i alle.»

Leiarane Solfrid og Anlaug ga blomster som takk til alle som hadde delteke med ord, song eller musikk samt dei unge på kjøkkenet.

Arne Jøsok takka for eit kjekt møte.

Bjørn og Fred avslutta med ein Vera Lynn melodi «Now is the hour /Si du er min.»

Så avslutta dei om lag 100 på møtet med «Fager kveldssol smiler.»

0 resultater