Flåens gruppe kvikka os opp med fin musikk

Triveleg marsmøte

Det var mykje underhaldning på marsmøtet

So er vi komne til mars, og på grunn av påskehelga laut  marsmøte kom litt tidleg i månaden.  At frammøte var litt mindre enn vanleg, var nok grunnen at det var fleire arangemang som tevla om same folke.  Men dei som kom fekk med seg ein triveleg kveld, med program som hadde både alvor og humor.
Tradisjonen tru oppna Johannes møte presis kl 17.  Terje Bakke tok  over som program leiear.  Og første post var ord for dagen. Som Terje held.  Han snakka om eventyret om dei fantastiske kalosjene til H.C. Asbjørnsen.  som var so laga at dei skapte det som hadde dei på . Fekk oppleve det dei tenkte, noko som gjorde det synbert at ikkje alle tankar er like lure.
Marit Vindsrygg fortalde om Frivilligetssentralen, eit tiltak som fortener mange låvord, Det skjuler seg nokk ein liten poet i Marit.  Dikte" Når vi var små" synte det.
Forfattaren Jostein Kvithaug, las dikt og fortalde om seg sjølv og der han kom frå.  Jostein Kvithaug laga ei truverdig  skisse om livet i hans oppvekst og ungdom,  Han lokka fram smile hoss mange, anten det no var kollkøyring på sykkel, eller jenter som lurte han med kåpetrikse.
Når matykta og åresalget var undangjordt.  Fekk vi musikk av Flåens gruppe, Det livar opp med kjende og kjære melodiar.
Då vi på nyttt fekk meir lyriskstoff frå Jostein Kvithaug.  Her er lit av hans produksjon:
Ei hand.
Det er so godt å ha ei hand, trygg og stor
når du er ny og liten her på jord
til støtte deg når du skal gå
-løfte deg når du vil opp og sjå
til å tørke ei tåre frå lite kinn
å halde i før du sovnar inn.
So hadde atter tida fare frå oss, det var tid for og tenka på heimtur, Vi av slutte med sången "De nære ting" til tone fylge av Rutt Hole på piano

0 resultater