Kva ser du?

Kva ser du?

Synet var eit svært aktuelt tema på det første møtet i Vestnes Pensjonistlag etter sommaren. Kva ser du?  I høgste grad eit viktig spørsmål.

Sjølv om det første møtet etter sommaren kom relativt tidleg i år, 14. august, hadde likevel 40 personar funne vegen til Vestheim. Dette er nok «den harde kjernen» av medlemsmassen. Dei fleste set på same plassen som sist dei var der, og alle ser tilfredse ut. Spenninga er høg under tekkinga av årane, og gleda er stor hos den som vinn. Der er heller ingen sure miner hos alle dei som ikkje vinn, for her unner alle den heldige vinnaren ein liten gevinst.

Optikar Marcelina Majewska, med kallenamnet Maja, frå Vestnes Ur og Optikk, hadde eit svært interessant foredrag om auget og augesjukdommar, og kva det kan føre med seg når det gjeld førarkortet. Ein må kunne seie at svekka syn er heilt naturleg hos eldre folk, og derfor ekstra viktig å følgje med på utviklinga av det. Både adekvat medisin og tekniske hjelpemiddel er tilgjengeleg i fall det skulle vise seg nødvendig. Alle som køyrer bil, anten ein er ung eller gammal, har ansvar for eiga helse. Ein test hos optikar kan vere like bra som hos fastlegen når det gjeld auget. Det aller viktigaste er at kvar og ein følgjer med i utviklinga av sitt eige syn.

Utanom dei faste postane var det naturleg å sveipe innom politikken no like føre kommune- og fylkestingvalet. Som organisasjon er som kjent Pensjonistforbundet politisk nøytral, men eldrepolitikken er sentral. Alle er jo seg sjølv nærast, og leiar i lokallaget oppfordra alle til å finne ut kva dei einskilde partia meiner om eldreomsorg og anna som betyr mykje for aldersgruppa til pensjonistlaget.

Starten på hausten var god, og det blir ikkje dålegare framover. 11. september blir det fest i høve laget sitt 40-årsjublileum. Det blir med middag og fest på Vestnes Fjordhotell. Så i oktober vil det bli informasjon om Solgården ved Randi Skaget. Oddgeir Bruaset kjem til møtet i november og vil fortelje om juleskikkar, og 2019 blir avslutta med festmøte på Fjordhotellet i desember. Dette blir bra!

0 resultater