TIL DEI POLITISKE PARTIA OG ANDRE SOM STILLER LISTE TIL KOMMUNESTYREVALET I GISKE 2019

Det nærmar seg kommunestyreval igjen, og Vigra og Valderøy Pensjonistlag har også ved dette valet, nokre  spørsmål vi gjerne vil ha svar på frå dei som stiller lister til valet av nytt kommunestyre i kommunen vår.

Vi er sjølvsagt opptekne av det som gjeld dei eldre i lokalpolitikken, og vil vite korleis partia og dei komande politikarane stiller seg til spørsmåla vi har.  Desse spørsmåla vil bli gjort kjend gjennom lokalavisa Øy-Blikk, og svara frå dykk vil vi gjerne få presentert i avisa.

Det nærmar seg kommunestyreval igjen, og Vigra og Valderøy Pensjonistlag har også ved dette valet, nokre  spørsmål vi gjerne vil ha svar på frå dei som stiller lister til valet av nytt kommunestyre i kommunen vår.

Det er naturleg for oss å legge Stortingsmelding nr.15, « Leve hele livet» til grunn for dei fleste spørsmåla, då denne reforma er nemnt som ei kvalitetsreform for eldre. Planleggingsfasen av innføring av denne reforma er alt i gong, og dette vi få verknad også for Giske.

Giske er ei såkalla «ung» kommune, med stor tilflytting dei siste åra. Likevel viser statistikk oss at andel av eldre veks også her. I 2019 har vi 236 personar over 80 år i kommunen, i 2023 har talet auka til 372, i 2027 til 458, og i 2040 er det heile 760 personar over 80 år i Giske. Korleis  dei politiske partia vil møte denne utfordringa, både økonomisk og elles, er spørsmål som pensjonistlaga er opptekna av.

Vi minner også om at valdeltakinga mellom pensjonistar ligg på om lag 78%, medan det for yngre grupper ligg på under 50%.

Spørsmål 1:

Reforma legg opp til det dei kallar «Eit aldersvenleg Norge», der ein vil legge til rette for at eldre skal vere med å planlegge eigen alderdom når det gjeld planarbeidet og utforminga av andre former for botilbod . Korleis ser ditt parti/liste på dette og korleis vil de legge til rette for at dette kan gjennomførast.

Spørsmål 2:

Under punktet om Aktivitet og fellesskap vert det nemnt utfordringane ved einsemd mellom eldre, ofte relatert til livsendringar, som til dømes at partnaren døyr, og at helsetilstanden og funksjonsnivået endrar seg med det. Meldinga peikar på et aktivitetstilbod som ikkje er tilpassa kvar enkelt, manglande tilbod av sosiale og kulturelle tilbod, lite systematisk samarbeid mellom helse- og omsorgstenester og frivillege, samt manglande møteplassar, samlokalisering og digitale generasjonsskilnader.

Korleis vil ditt parti/liste ta tak i desse spørsmåla, og meiner de det er behov for tiltak retta mot dette i vår kommune?

Spørsmål 3:

Mat og måltider er eit tema meldinga legg stor vekt på. I Giske vart det i samband med bygging av Giske Omsorgssenter, gjort vedtak om å legge ned kjøkendrifta på alle institusjonane, og samordne dette til det nye omsorgssenteret. Stortingsmeldinga legg no opp til at kjøkenet skal attende til alle institusjonane, og at det skal bli større mangfald og valfriheit i mattilbodet.

Ser ditt parti/liste dette som aktuelt for Giske kommune, eller meiner de at er tilbodet som er i dag, er godt nok?

Spørsmål 4:

Både Stortingsmeldinga og i politikken elles er meldingane at alle skal bu heime så lenge som råd er, også etter du er blitt avhengig av hjelp. I vår kommune har det i mange år vore satsa på god heimeteneste i sjukepleien, og det har gitt som resultat at kommunen ikkje har somatiske sjukeheimsplassar.  I den nye Stortingsmeldinga er sjukeheimsplassar eit prioritert område, og ein viktig del av omsorgs-trappa.

Er ditt parti/liste nøgd med at kommunen ikkje har somatiske sjukeheimsplassar, eller vil de satse på å omgjere nokre av sengane i omsorgsbustadane våre til sjukeheimsplassar?

Spørsmål 5:

Alle kommuner er lovpålagde å ha eit Eldreråd, og til no har dette vore heimla i ei særlov. Frå hausten av er denne lova borte, og eldreråda er ein del av kommunelova sine punkt, men det er framleis lovfesta at kommunen skal ha eldreråd. Ved siste kommunestyreval vart ikkje eldrerådet oppnemnt før etter nyttår, og dette gjorde at rådet ikke kom i arbeid før langt ut på året. Dette gjorde at rådet heller ikkje fekk ta del i den kommunale opplæringa av nye tillitsvalde, noko som er viktig om rådet skal fungere godt.

Vil ditt parti/liste syte for at også Eldrerådet etter valet i haust, vert oppnemnt samstundes med dei andre kommunale råd og utval, og såleis også kan få høve til å ta del i den opplæringa som kommunen gjev sine tillitsvalde?

Spørsmål 6

Planar for saker som gjeld eldre vert som oftast lagt til plan for Helse- og sosialsaker. Vi viser til at 80% av alle over 75-80 år, er friske og oppegåande personar, som ikkje høyrer heime her. Pensjonistlaga i kommunen meiner at vi treng ein Eldreplan, som kan sjå på heilskapen i eldrepolitikken i åra som kjem.

Vil ditt parti/liste gå inn for at vi får ein Eldreplan i Giske kommune?

0 resultater