Glade turistar

Tur til Loen

Turen til Loen onsdag 12. juni vart siste arrangementet til Vestnes Pensjonistlag før sommaren.

Eit reisefølgje på 32 personar tok laust frå Helland kl.09.40 med kurs for Loen. GEIRANGER TURBUSS AS var transportør med «Tobben» som dyktig sjåfør. Kl. 19.15 kom alle trygt tilbake til utgangspunktet, og for å sitere frå gamle skulestilar, var «alle samde om at det hadde vore ein fin tur». Når ein så har sol og vakkert vær, blir det heile svært bra.

Å skrive om alle stadane vi køyrde igjennom, synest meiningslaust, men det vart ein rundtur i ein del av Sunnmøre og litt av Nordfjord. Like vel kan det nemnast at vi besøkte Paddemonumentet i Austefjorden i Volda kommune. Det vart oppsett etter at Kvivsvegen var ferdig, og grunnen til dét er at Statens Vegvesen laga eit system for å ta vare på ein skjeldan paddebestand akkurat der. Olden hadde besøk av to krusskip denne dagen, og dei var godt synleg både frå bussen og frå fjellet.

Målet for turen var jo Loen der vi tok den nye fjellheisen, LoenSkylift, opp på fjellet Hoven. I restauranten der oppe hadde vi lunsj, og kunne nyte den spektakulære utsikten. Ja, det er mange fine plassar med vakker natur her i vårt relativt nære område. Her må det vere lov å rose dei som fekk opp denne liften slik at mange, ja, svært mange, kan komme seg opp på fjellet. Fleire turstiar er merka innover frå restauranten, så det opnar opp for stor aktivitet.

 

Vestnes Pensjonistlag ser framover til første møtet etter sommaren, og det blir 14. august. Så kjem jubileumsfesten i september. Pensjonistane våre har mykje å gle seg til.

GOD SOMMAR

 

0 resultater