Vi hadde sett fram til ein sommardag på Øyra.

Pensjonisttreff 10. mai 2019.
Markering av Verdens aktivitetsdag.

Årets motto: Aktiv kvardag

Vi starta med program på Sjøbuene. Ca 20 personar møtte opp. Kari Fismen heldt eit interessant og inspirerande foredrag om fysisk aktivitet og mosjon.  Samanhengen mellom aktivitet i kvardagen og eigen helsesituasjon kom tydeleg fram.  Etter foredraget var planen å forflytte seg til Øyra. På grunn av ver og temperatur måtte vi gå bort frå dette. Veret var likevel slik at ein kunne gå på tur, og i 2-3 grupper blei det ein halvtimes tur på dei fleste. 4-5 personar heldt seg inne, og vi hadde sittande gym.

Maten som var planlagd å ha utandørs, smakte like godt på Sjøbuene. Jakob Øyren bidrog godt til allsong, og hadde også eit fint innslag saman med Bjarne Haugen. Etter kort informasjon styret  avslutta vi med  quiz med hovudsakleg lokale spørsmål.

Styret syns vi hadde hatt ein bra dag, men ser at vi skulle fått tydelegare fram i annonseringa at arrangementet var for alle, uavhengig av fysisk form og eventuelt behov for hjelpemiddel.

0 resultater