MARKERING AV VERDENS AKTIVITETSDAG 10. MAI
Verdens Aktivitetsdag vart starta opp som eit initiativ frå Verdens Helseorganisasjon.
Verdens Aktivitetsdag vart starta opp som eit initiativ frå Verdens Helseorganisasjon, WHO, i 2003, som då var leia av Gro Harlem Brundtland. Pensjonistforbundet har i ei årrekke vore med å markere dagen, saman med ei rekke andre organisasjonar.
Det er mange ulike aktivitetar rundt denne dagen. Ein del satsar på fysisk aktivitet, og andre på kulturaktivitetar. I år gjekk Vigra og Valderøy Pensjonistlag saman om å markere dagen. Om lag 120 personar møttest på Samfunnshuset Mjølner denne fredagen, og fekk både kulturelt påfyll og kaffi og kaker.

Fylkesleiar i Pensjonistforbundet, Mellvin Steinsvoll, snakka om «Den aktive pensjonisten», og den musikalske underhaldninga tok duoane Ann-Lisbeth Giske Flem og Ingrid Nerhoel frå Ulsteinvik, og Johnny og Hans Petter Furnes frå Vigra seg av. Leiaren i Vigra Pensjonistlag Vidar Blindheim, leia festen, som vart svært vellykka.