Gudmund Solstad kåserte på frigjeringsdagen 8. mai

 Pensjonistmøte 8. mai

YTRE HERØY PENSJONISTANE FEIRA FREDEN OG FRIHEITA 08. MAI

Leiar Anlaug Varhaugvik i Ytre Herøy Pensjonistlag ønskte om lag 45 pensjonistar velkomne til møte på frigjeringsdagen.

Laget sin trufaste trekkspelar Steinar Åheim spelte opp til allsong i dag også. Og songane i dag passa til dagen og årstida. Første song var «Fagert er landet».

Anlaug orienterte om turen vi skal på 5. juni til Isfjorden og Woldstad Gard. Interessa har vore så stor for turen at sjølv med ein stor buss, står fleire på venteliste for å få vere med.

Anlaug fortalte også om dagkino andre onsdagen i kvar månad, fellesmøte med Indre Herøy Pensjonistlag 05. september. Der vil pensjonistane frå Sande, Volda og Ørsta også verte bodne inn. Torill Myren vil kåsere og Bjørn og Fred vil synge og spele. Styret har vedteke at Pensjonistlaget vil støtte Sanitetsforeininga med omlegging av taket på huset. Det vart også orientert om korleis den enkelte også kunne gjere dette.

Så las Anlaug diktet «Tidleg vår».

Roar Skoglund hadde ord for dagen: «Sanden i timeglaset er i ferd med å renne ut».

Om livet og livets gleder til oss litt opp i åra.

Før Gudmund Solstad slapp til med sitt kåseri song vi «Blåveispiken».

Gudmund ga eit attersyn frå oppstarten av 2. verdskrig til freden kom 8. mai 1945. Krigen starta med invasjonen i Polen i 1939. Nazi – Tyskland sin invasjon av Norge starta 9. april 1940. Slaget om Stalingrad i 42/43 snudde krigen. Det meiningslause og forferdelege med krig viser talet på drepne i 2. verdskrig, 72 millioner. 25 millioner soldater og 47 millioner sivile.

Gudmund kjem frå ei lita bygd utanfor Bodø. Under krigen budde 200 personer der. I tillegg var der 300 tyske soldater. Dei tyske soldatane oppførte seg greitt mot sivilbefolkninga.

Adolf Hitler tok livet av seg og Tyskland kapitulerte. Og det vart fred hjå oss tirsdag 8, mai 1945. Freden vart markert med tog, norske flagg og samling i kyrkjene.

I Herøy hadde motstandsrørsla vore aktiv mellom anna på Skorpa og Skotholmen.

Etter Gudmund sitt kåseri song vi «Norge i rødt, hvitt og blått».

Deretter kom bordverset «Gledens herre» før kaffi og bollar, som Olaug, Edit og Lise hadde laga til og serverte. Og rundt borda gjekk den gode praten mellom pensjonistane. Samtidig fekk vi prøve vinnarlykka på åresalet med blomster og twist som gevinstar. Og Roar Skoglund fortalte nokre historier, som fekk fram låtten.

Neste allsong var «La oss leve for kvarandre, før Anlaug med diktet «Smilet» takka for frammøte.

«Fager kveldssol» avslutta møtet.

0 resultater