Stranda

Godt frammøte på aprimøtet til Stranda Pensjonistlag!

Ca. 100 personar møtte fram for å høyre på trubaduren Odd Arne Halaas frå Nordmøre.

Ca. 100 personar møtte fram for å høyre på trubaduren Odd Arne Halaas frå Nordmøre. Han skuffa ikkje sine tilhøyrarar. Ei blanding av song og gode historier vart framført på ein glimrande måte.

Ordførar Jan Ove Tryggestad var òg tilstades. Han fortalde litt om planane for «nye Solbakken». Han fekk spørsmål om det vert bompengar for å reise over Strandafjellet, han fortalde at i ein eventuell bygging av tunnel, Hole/Engeset, så må ein finne ein måte å finansiere dette på. Her er bompengar ei aktuell løysing, sjølv om det på noverande tidspunkt ikkje er bestemt. I tillegg til bompengar i forbinding med å køyre tunnelen, så må ein òg ha bompengar for å køyre over Strandafjellet for å forhindre at trafikantar ikkje «snik» seg forbi bommen. Men å køyre til hyttene og skisenteret og retur(frå begge sider) må verte bomfritt. Rykta om at det skal verte «bompengebelasting» òg på Stranda - Liabygda ferja er ikkje rett.

Ang. Kommunesamanslåing med Sykkylven (eller andre), så lova ordføraren at før dette skjer, så vil det verte avholdt folkerøysting eller høyring blant innbyggjarane i Stranda kommune, og at fleirtalet blant innbyggjarane vil verte respektert!

Ang. Framdrifta med planane om bygging av «nye Solbakken», så er det framleis lite som er avklart på noverande tidspunkt kunne ordføraren fortelje, men det vert arbeid med dette i div. utval og RO (ressurssenter for omstilling i kommunane). Sluttrapport om framtidig dimensjonering av helse- og omsorgtenestene i Stranda Kommune kjem i august i år, kunne vi lese i Sunnmøringen tidlegare i år. Vi får håpe at ordtaket «Vil en at ingenting skal skje, så setter man ned en offentlig komitè» ikkje slår til i denne saka!

Det vart òg orientert om dei mange medlemsfordelane som Stranda Pensjonistlag har framforhandla, med 18 servicebedrifter i Stranda, for sine medlemmar. I tillegg til dei mange landsomfattande avtalane som Pensjonistforbundet sentralt har inngått. Med bla. ein god bilavtale med Toyota, og bra avtalar på div. reiser. Desse landsomfattande avtalane finn ein i medlemsbladet. Dei lokale avtalane får ein opplysingar om ved å henvende seg til styret i Stranda Pensjonistlag.

Planar framover er: Tur til Blåtind 30. mai. Møte med kommune- og fylkespolitikarar 20. juni. Tur til Savvallen og Røros 25.-27. aug. Markering av Eldredagen laurdag 28. sept. Vi arbeidar òg med å få til eit besøk av den nye eldreministeren på eit møte.

0 resultater