Leiar i Vestnes Frivillig, Karianne Bergset Austnes.

Møte med god underhaldning og nyttig informasjon

Møtet i Vestnes Pensjonistlag onsdag 24. april 2019 hadde god underhaldning og nyttig informasjon i tillegg til dei faste postane.

Som vanleg, må ein ha lov å seie, var dei fleste stolane i møtelokalet på Vestheim i bruk denne fine ettermiddagen, så det fine været hindra ikkje folk i å komme. Leiar Gerd Misfjord var glad for å kunne ønske så mange velkomne til dette siste møtet før sommarferien.

Også på dette møtet vart det tent lys for to av medlemmane våre som hadde døydd sidan vi var samla sist. Det var Synnøve Bårdsnes Nakken f. i 1945 og Trygve Villa f. i 1931. Dette er ein vakker og tankevekkande tradisjon i laget.

Odd Arne Halaas underheldt denne kvelden. Han er ein svært habil trekkspelar, og syng bra. Så har han muntre historier som til ein viss grad bind det heile saman. Mykje av det han seier, er sjølvironisk. Mange av dei 48 frammøtte humra og lo til forteljingane og vitsane, og fleire song med. Lett og god underhaldning.

Leiar i Vestnes Frivillig, Karianne Bergset Austnes, kom rett etter denne seansen for å fortelje om alt det Vestnes Frivillig driv med. Ein må vel kunne seie at her må det vere noko for dei fleste innbyggarane i Vestnes, noko som er ein del av målsettinga til Frivilligsentralen. Her nemner vi hovudaktivitetane: «Full rulle» – eit tilbod til småbarnsforeldre. «Språkkafé» - mest med tanke på integrering og språktrening. «Gåturar for alle» - tilbod i mange forskjellige vanskegradar. «Tirsdagskaffe» - kom innom for ein kopp kaffi og ein prat. «Habil – øvelseskjøring» - tilbod til innvandrarar. «Aktivitetsvenn – dobbel glede!» - innhaldet seier seg sjølv. «Utstyrsentralen» - tilbod om lån av utstyr for å kunne vere aktiv heile året.

Vestnes Frivillig held til i Gamleskulen som skriv seg tilbake til 1858, eldste fastskulen i Vestnes. Der står den gamle løa enda, og ein svært vakker hage er etablert i same området. Når det nye helsehuset, Stella Maris, står ferdig om vel eit år, får Vestnes Frivillig kontor der saman med biblioteket.

Det vart mykje orientering av forskjellig slag på dette møtet. Sidan dei eldre i kommunen har fått tilbod gjennom Den kulturelle spaserstokken, vart det orientert om den ordninga. Her nemner vi at målet for Den kulturelle spaserstokken er å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren. Dette samarbeidet skal gi gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt. I Vestnes kommune er det Kulturskulen som disponerer desse midlane. To av lærarane der skal no ta for seg Opus 72 av Edv. Grieg. Op. 72 bygger på hardingfeleslåttar av Knut Dale som Grieg arrangerte for piano. Eit spennande prosjekt der vi får høyre delar av verket.

Verdas aktivitetsdag blir markert i Tomrefjord måndag 6. mai med Tomrefjord Pensjonistlag som arrangør.

Medlemsturen i år går til Loen den 12. juni. Mykje vakker natur å sjå, men hovudattraksjonen på turen blir å ta den nye Loen Skylift. Den går omtrent frå sjønivå til fjellet Hoven 1011 moh. Der oppe blir det lunsj. Noko å sjå fram til.

Dei faste postane på alle medlemsmøte var med. Neste møte blir 14. august, og så den kjem jubileumsfesten den 11. september. I år er Vestnes Pensjonistlag 40 år.

0 resultater