Ytre Herøy pensjonistar på aprilmøtet

Pensjonistmøte 03. april 2019

Våren - Colombia - Smilet på aprilmøtet

VÅR, COLOMBIA OG SMILET PÅ PENSJONISTMØTET 03.04.19

Pensjonistane helsa våren med allsong til Steinar Åheim sine trekkspeltonar på aprilmøtet på Sanitetshuset. Starten var «No livnar det i lundar.» Og dei over 40 frammøtte heldt fram med «Alle fuglar små de er.»

Ungdomsarbeidar I Frikyrkja Daniel Oviedo kom saman med kona Agnes til pensjonistane. Han kom i 2017 til Norge frå Colombia. I heimlandet var mykje godt, men også fattigdom, korrupsjon og kriminalitet. Daniel fortalte om ein fattig og vanskeleg oppvekst. Gjennom kyrkja og misjonen fekk han hjelp til å studere og etter det fekk han i gåve å reise til Norge og Kristiansand. Der møtte han Agnes, som vart kona hans. Han gjekk på Bibelskule der han lærte norsk kultur og språk. Ferdig med skulen søkte han og fekk jobb som ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje.

I barndommen var der ikkje leiker, men dei hadde songen og musikken. I Colombia hadde han studert musikk – komposisjon, og han song og spelte til oss både på norsk og spansk.

Leiar Anlaug Varhaugvik orienterte om pensjonistturen til Wolstad gard i Isfjorden den 5. juni og liste for påmelding gjekk rundt. Steinar Åheim spelte opp til allsongen «Danse mot vår.»

Roar Skoglund hadde Ord for dagen om smilet som smitter. Alle treng eit smil !

Etter bordverset «Gledens Herre» serverte Hilde Karin, Haldis og Marit kaffi og bollar. Og praten gjekk rundt borda. I matpausa var det også åresal og fleire vann blomster eller sjokolade.

«Vestland, Vestland» vart framført i fellesskap. Den vart etterfølgt av Daniel Oviedo med ein song på spansk om Nikodemus sitt liv. Nikodemus som vi lærte om i Bibelsoga på folkeskulen.

Neste møte er 8. mai på frigjeringsdagen, som Gudmund Solstad vil fortelle om.

Anlaug las diktet «Granneråsa», der vi vart fortalt at det er viktig å ha eit hol i gjerdet mellom naboar for å kunne vitje kvarandre.

Før siste allsongen «Fager kveldssol», som passa godt med solskinnet på utsida av Sanitetshuset, fortalte Roar Skoglund to historier som fekk fram smilet og låtten mellom pensjonistane.

0 resultater