Stranda

Medlemsmøte i Stranda pensjonistlag

Stranda Pensjonistlag hadde kåseri på medlemsmøte 28/3.

Stranda Pensjonistlag hadde kåseri på medlemsmøte 28/3.

Kåsør Asbjørn Windstad pensjonert lærar, har heile livet arbeidd med historie og levevilkår for folket i fylket vårt og skrive mange artiklar i ulike årbøker. Han hadde gleda av å tilby eit Power Point kåseri med ulike illustrasjonar knytt til helse, sjukdommar og utstyr til pleie heime med besøk av personar som kunne årelating, kopping, samt bruk av blodigler. Kåseriet bygde i det vesentlege på fakta og skrive ned av folkeminnesamlaren Mads Hukkelberg frå Aukra og teologen og folkeminnesamlaren Hans Strøm frå Sunnmøre.

Arbeidstittelen: Gamle og sjukeheimen rundt 1900 og behandling utan lege: Innhaldet var basert på fakta, men vart framstilt i ein lett og humoristisk tone. Scenariet vart avslutta med demonstrasjon av kva råd ronkallar hadde mot t.d. tannverk, sår hals eller ulykkelig kjærleik. 3 av våre medlemmer vart «kurert» for desse 3 sjukdommane.

116 medlemmer deltok på møte.

Leiaren Jeppe informerte om planane til laget framover. Tur til Trollstigen/Blåtind og til Savallen/Røros.

Vidare vart medlemmene informert om rabattavtalene for medlemer i laget og som er inngått med mange av bedriftene i Stranda.

Den landsomfattande kampanjen «Leve heile livet» er også sett igang etter påtrykk frå Pensjonistforbundet.

Vi hadde også lang matykt med gode smørbrød, kaffi og mineralvatn. Som vanlig hadde vi åresalg med mange fine gevinster.

På neste møte i slutten av april får vi gjensyn med den sprudlende musikeren, sanger og historiefortelleren Odd Arne Halås.

0 resultater