Bjørn Prytz  og  Fred Frantzen sang  og spelte til oss

Medlemsmøte på Sanitetshuset 06.03.19

Eit møte med sang og melodiar frå gode gamle dager

Bjørn Prytz og Fred Frantzen førde pensjonistane i Ytre Herøy Pensjonistlag på marsmøtet tilbake til yngre år med sang og melodiar.

Bjørn og Fred stod for underhaldninga på møtet. Men før dei slapp til las Roar Skoglund eit Artur Klæbo kåseri om sunnmøringen. Ein omtale av oss som vi likar å høyre, og som vart teken imot med humring og godlatter mellom pensjonistane.

I Bjørn og Fred si første avdeling fekk vi høyre:

«Måke fortell». Det vert sagt at denne var skriven på bakgrunn av eit forlis på Stadthavet i 1956, men den vart vistnok spelt inn på plate i 1954.

Elvis sin «Are you lonesome tonight»

Jim Reeves «Anna Marie»

Pat Boone sin mest kjente «Love Letters in the Sand»

Fleire minnast Elvis, Jim Reeves og Pat Boone frå Radio Luxembourg på 50 – talet.

Denne første Bjørn og Fred avdelinga vart avslutta på svensk med Gunnar Wiklund sin «Vi skal gå hand i hand».

Leiar i pensjonistlaget Anlaug Varhaugvik orienterte frå dagens styremøte med mellom anna Aktivitetsplan for heile året. På neste pensjonistmøte vil ungdomsarbeidar i Herøy Frikyrkje Daniel Oviedo delta. Og Steinar Åheim med trekkspelet. Saman med pensjonistane i Indre Herøy vil det til sommaren verte ein tur til Wolstad Gard i Isfjorden. Der vert vi møtte av Gudrun Enga Woldstad og Guttorm Furmyr.

Allsang er viktig på pensjonistmøta. Bjørn og Fred leia oss gjennom «Tulipaner frå Amsterdam».

Kjøkkengjengen serverte no god kaffi og gode boller med ost på. Og rundt borda gjekk praten livleg mellom dei om lag 50, som deltok på møtet. Fast innslag på pensjonistmøta er utlodding og i dag var gevinstane blomster.

Før Fred og Bjørn starta si andre avdeling, tok dei oss med på ein allsang «Nordlandsnetter». Så heldt dei fram med:

Engelbert Humperdinck sin «Please, release me», som kunne vekke dansefoten rundt borda. Eldstemann på møtet slo til og viste oss at det er viktig å leve heile livet.

Ein salme, «Kom næra meg»

Frå Italia tok dei med «Det var på Capri»

Så ville dei avslutte med ein tospråkleg «Si du er min. Now is the hour»

Men vi fekk oss eit ekstranummer frå 1936; «Ramona», som var tittelsang i filmen Ramona. Anlaug takka Fred og Bjørn med roser for at dei hadde gitt oss ein hyggeleg kveld full av minner.

Til slutt var det allsang: «Når lysene tennes der hjemme».

Og Anlaug takka for frammøte og ønskte alle vel heim.

0 resultater