Oliver Hoem, ein glad amaør som song country-musikk.

Medlemsmøte 20.03.19

Medlemsmøtet i Vestnes Pensjonistlag den 20. mars, kom ei veke seinare enn det planen for faste møte tilseier. Dette skuldast årsmøtet i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal veka før. Om tidsforskyvinga hadde noko å seie for frammøtet, er ikkje godt å seie, men dei 39 som kom til Vestheim denne kvelden, hadde ei triveleg stund saman.

Dette møtet skilde seg heller ikkje vesentleg frå andre møte i laget, så dei einskilde programpostane kom slik vi er vant til. Ein god og viktig tradisjon på møta i Vestnes Pensjonistlag, er minnestunda over medlemmar som har døydd sidan siste møte. Denne gongen vart det tent lys til minne om Laura Furland og Petra Villa.

Opningssong var det sjølvsagt. Like eins ord for dagen. Leiar Gerd Misfjord las eit av mange gode dikt av Phil Bosman om mennesket. Han skriv mykje om medmennesket og har svært mange sitat etter seg som handlar nettopp om dette. Her er eitt av dei: "Sett pris på menneskene slik de er, det fins ingen andre." Ord til ettertanke denne dagen hadde Kaare Lervik. Han las eit dikt av Georg Brandes som heiter Dagen i dag.

Underhaldar var ein ung og glad amatør frå Vikebukt som song country-musikk. Det er nok ei stund før Oliver Hoem kan måle seg med forbilde som Kris Kristoffersen, Elvis Presley, Johnny Cash og Willy Nelson, men han hadde ei god stemme og formidla songane godt. Ein kan godt seie at dette er ein ungdom med ei naturleg utstråling som vil ha personleg glede av å synge, og han vil òg komme til å glede andre.

Det var òg ei glede å høyre Hildegunn Vestre lese dikt av ein ungdomsvenn av seg, nemleg Jostein Kvithaug. Han får fram til dels alvorlege tema på ein humoristisk måte. Det var ingen grunn til å klage på underhaldninga på dette møtet.

Sjølvsagt var det mat og kaffi som smakte godt. Også åresal har sin sjarm, og i alle fall ei god inntektskjelde for laget.

Heilt til slutt orienterte leiar om saker som vart debattert på årsmøtet i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal. Viktig at medlemmane får slik kunnskap. Elles var leiar interessert i å få høyre forslag til tur laget kan arrangere i år.

På grunn av at eit nytt arrangement skulle begynne i naborommet til pensjonistlaget, vart møtet avslutta noko tidlegare enn som er vanleg. Da hadde i alle fall pensjonistane fått synge og prate saman i tillegg til god mat og underhaldning.

0 resultater