Glade møtedeltakarar ventar på middagen.

Årsmøte i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal

13. og 14. mars avvikla Pensjonistforbundet Møre og Romsdal sitt årsmøte på Scandic Alexandra Molde med fagdag på onsdag og vanleg årsmøte på torsdag.

Vestnes Pensjonistlag stilte med to utsendingar, Marit Sæbø og Kaare Lervik. I tillegg stilte Gerd Misfjord som styremedlem i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, og Ansgar Misund som ein av revisorane. Dei tre andre pensjonistlaga i Vestnes kommune var òg representerte desse dagane.

Fagdagen opna med eit kulturelt innslag. To av lærarane ved Vestnes kulturskule, Janne Iren Holseter og Marit-Ellen Lund Salthammer, song. Styreleiar i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Mellvin Steinsvoll, sto for sjølve opninga av årsmøtedagane.

Hovudtalarar på onsdag var forbundsleiar Jan Davidsen som snakka om arbeidet i forbundet. Han såg fram mot landsmøtet 2021. Leiar i Helse og Sosialutvalet i forbundet, Wenche Malmedal, hadde fokus på helsedelen i forbundet. Mellvin Steinsvoll tok for seg handlingsplanen for Pensjonistforbundet Møre og Romsdal.

Om kvelden var det så middag med litt underhaldning og dans til slutt. Musikken vart framført av Konrad Nerland.

Sjølve årsmøtet på torsdag gjekk svært greitt. Eit par uttalar vart vedtekne, og alle val gjekk slik valkomiteen hadde føreslått. Her skal berre nemnast at leiar vart gjenvalt ved akklamasjon.

Mellvin Steinsvoll og Anne Lise Hessen Følsvik var møteleiarar, og Gerd Misfjord og Roger Arne Hammer var møtesekretærar.

0 resultater