Medlemsmøte 07.03.2019.

Medlemsmøte i Indre Herøy pensjonistlag

Torsdag 7. mars var det samling på Møre barne- og ungdomsskule i Myråg.                                               

Torsdag 7. mars var det samling på Møre barne- og ungdomsskule i Myråg.

Leiar Solfrid Hagemann ønskte alle velkomne. Særlig ønska ho velkommen Nina Elisabeth Bøe som skulle halde eit kåseri og til Ståle Nes som hadde med trekkspelet og skulle spele til allsangen.

Vi starta med å synge « No livnar det i lundar «.  Deretter heldt Ingrid Måløy ; Ord for dagen.  Ho  las frå Haldis Reigstad si bok  - ei innleiing , hendene fulle og vår i vente.

Så las Anna Aasmo referatet frå forrige årsmøte/medlemsmøte  før vi sang « Å Vestland, vestland».

Deretter fikk Nina Elisabeth Bøe ordet. Ho snakka om eigedommen sin -  Brekkegarden i Gjerdsvika  og fortalde og las  frå Jakob Hatlebrekke si dagbok. Ho inviterte også pensjonistlaget til å kome på besøk til Brekkegarden.

Deretter song vi «Den første song» før vi song bordverset og kaffi , smørbrød og fruktfat kom på bordet. I pausen vart det som vanleg loddsalg og trekking av gevinster.

Etter kaffien sang vi « De nære ting « og Solfrid las eit stykke av Einar Øvretveit.; «På aldersheim anno 2035» og korleis livet blir med ei robotdame som personlig assistent.

Så informerte Solfrid litt om planane for sommarturen sammen med Ytre Herøy pensjonistlag. Turen vert den 5. juni og går til Woldstad Gard i Isfjorden der Gudrun Enga Woldstad og Guttorm Furmyr er vertskap. Naboen Stein P. Aasheim ( forfatter, fotograf og turmann ) har også sett av denne datoen og vil kome innom og vil fortelle litt frå sine mange eventyr.  Isfjorden har også eit konfeksjonsmuseum som vi kan besøke.

Deretter las Rigmor Fuglseth nokre stubbar. Først litt om mat ( Fiskekaker )  og deretter om skjora før vi sang « Gryta hennar mor «.

Solfrid orienterte så om at det vert eldrefest torsdag 21. mars på Kulturhuset. Alle pensjonister er velkomne på dette årlege arrangementet.

Så fortsatte vi med å synge « La oss leve «, «Lys og varme « og «Blåveispiken « før Arne Per Josok fikk ordet og mimra litt frå den gang han var ung.

Solfrid delte så ut blomster til Heidi som takk for hjelpa og til Nina og Ståle for deira bidrag denne kvelden. Vi avslutta på tradisjonelt vis med å synge « Fager kveldsol « før  Solfrid takka for kvelden og ønska alle vel heim. 

0 resultater