Tradisjon med kake etter eit årsmøte.

Årsmøte og medlemsmøte

Onsdag 13. februar 2019 avvikla Vestnes Pensjonistlag sitt årsmøte. Rett etterpå var det klart for medlemsmøte. 42 frammøtte må ein karakterisere som bra deltaking.

Årsmøtet vart gjennomført på ein ryddig og formell måte. Etter at godkjenning av møteinnkalling, val av møteleiar, val av sekretær og val av to til å skrive under protokollen var ferdig, kunne møteleiar Ansgar Misund overta.

Årsmeldinga vart gjennomgått og godkjent utan merknad. Rekneskapen gjekk på same måte. Budsjettet for 2019 vart òg godkjent, men her kom det fram ønske om å bruke meir pengar på god underhaldning.

Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, så valet gjekk utan motkandidatar til valkomiteen sitt framlegg, og det nye styret ser da slik ut:

Leiar: Gerd Misfjord (På val i 2021)

Kasserar: Ansgar Misund (På val i 2020)

Sekretær: Lars Christian Fjørtoft (På val i 2020)

Styremedlemmer: Marit Katrine Sæbø og Ingvald Vestnes (På val i 2021)

Varamedlemmer: Anny Elise Misund, Berit Sagen og Karl Arne Frantzen (På val i 2021)

Revisor: Jostein Kirkeslett med Terje Holseter som vara

Representantar til årsmøtet i Pensjonistforbund Møre og Romsdal:

Marit Katrine Sæbø og Kaare Bergmann Lervik

Tre komitear vart valde før årsmøtet kunne takkast av, men som det bør vere, kom òg takken for godt utført arbeid til mange. Ein må ha lov å seie at takken til leiar var vel fortent.

Medlemsmøtet rett etter årsmøtet vart naturleg nok litt avkorta, men der var god underhaldning av trubaduren Karl Arne Frantzen. Tydeleg at folket likte hans val av repertoar og hans framføring av det.

Matøkta var god, og i Vestnes Pensjonistlag er det tradisjon for å servere god kake etter eit årsmøte. Slik også denne gongen. Praten rundt borda var livleg. Åresal, ord til ettertanke og allsong avslutta ein vellykka møtekveld.

0 resultater