Styret i Ytre Herøy Pensjonistlag 2019

Referat frå Årsmøte 2018 i Ytre Herøy pensjonistlag.

32 medlemmar møtte på årsmøtet onsdag 06. februar kl. 17.00 på Sanitetshuset.

32 medlemmar møtte på årsmøtet onsdag 06. februar kl. 17.00 på Sanitetshuset.

Leiar Magnus Remøy ønskte alle hjarteleg velkomne. Han sa litt om programmet for kvelden og foreslo at vi skulle synge ein song før vi starta på årsmøtet. Det vart ”Hver dag er en sjelden gave”. Som vanlig på møta våre spelte Steinar Åheim trekkspel til når vi song. Magnus hadde også avtalt med Steinar at han skulle ha ”Ord for dagen” , og då las Steinar to fine dikt av Bjarne Rabben; ”Undring” og ”Gamal”.  Begge dikta passa nok bra i denne forsamlinga -

Etter det song vi ”Gryta hennar mor”.

Sekretær Anlaug Varhaugvik las årsmeldinga for 2018, og der gjekk det fram at Ytre Herøy Pensjonistlag også dette året har vore svært aktivt. Trimturane på måndagar på Herøy omsorgssenter med dei som bur der har halde fram dette året også. I vinterhalvåret har vi trimaktivitetar innadørs og høgtlesing på Raud -, Grøn - og Blå avdeling.

”Sterk og stødig” treningsgruppa for seniorar i Herøy kommune som held til i  kyrkjekjellaren kvar torsdag mellom kl. 11.00 og 12.00 er veldig populær! Det er mellom 20 og 25 seniorer som møter opp for å trene kvar gong. Etter kvar treningsøkt er det sosialt samver med kaffi og kaker. Aktiviteten har vorte kjent og mange fleire ønsker å delta.

”Den gyldne spaserstokk” går sin gang og det har vore utdeling av vandrestavar, trimmerke og heidersprisar for lang og tru teneste. Elles har møta våre innslag som kåseri, diktlesing, sang og musikk. Dei som er på kjøkkenet kokar kaffi og ordnar med mat. Dette  gjer at kaffipausen blir eit kjekt avbrekk der vi kan vere sosiale med kvarandre. Latteren sit laust og praten går livlig. For spenninga si skuld har vi også loddsalg, og medlemmane våre er flinke til å kjøpe lodd!

Elles deltek styremedlemmane på møter på fylkesnivå og er representanter frå pensjonistlaget i eldrerådet, i styret for Frivilligsentralen, brukarutval i NAV Herøy og kommunale styringsgrupper for helse og omsorg. Og så har vi Velferdsteknologiambassadør, Per Arne Gjerdsbakk! Medlemmar i pensjonistlaget har teke instruktørutdanninga i ”Sterk og stødig” og stiller som instruktører. Med andre ord så engasjerer vi oss i saker som har med eldreomsorg å gjere.

Årsmeldinga vart samrøystes godkjent!

Magnus tok så ordet igjen og han helste til medlemmane frå Terje Krogset som han hadde vore på sms med tidlegare på dagen.

Kasserar Per Arne Gjerdsbakk gjekk gjennom rekneskapen for 2018, som var revidert og funne i orden. Sjølv om drifta i 2018 gav eit aldri så lite underskot, har vi så vi greier oss godt, var konklusjonen.

Rekneskapen vart samrøystes godkjent!

Det var allsang igjen og etter det song vi bordverset.

Vi fekk servert nydelig kaffi og påsmurte bollar, og i anledning årsmøtet vart det også servert marsipankake. Pausen vart avslutta med loddsalg og Magnus sto for trekkinga.

Vi song ”La oss leve for kvarandre” og gjekk over til val av styre for 2019. Magnus losa forsamlinga gjennom valet og la fram forslag som vart samrøystes vedteke.

Leiar Anlaug Varhaugvik (valgt for 2019), nestleiar Roar Skoglund (valgt for 2019/2020), sekretær Magne Nærø (valg for 2019), styremedlemmar Anna Nordbø (valgt for 2018/2019) og Olaug Barstad (valgt for 2019/2020).

Varamedlemmar : Marit Hasfjord, Hilde Marie Myrvoll og Kato Koteng.

Revisor: Fred Fredriksen.

Anlaug takka for tilliten og sa at ho var klar over at det var store sko ho skulle fylle, men med god hjelp frå dei ho fekk i lag med seg i styret, og medlemmane trudde ho det skulle gå bra. Det blir å rette ryggen og stå for ei god sak.

Frå 2019 er kontingenten bestemt sentralt. Kvart medlem betaler 360 kroner.

Laget får då 90 kr., fylket 70 kr. og hovedkontoret i Oslo får 200 kr.

Harald Lied, Roar Skoglund og Knut Nærø ba om ordet og delte små kvardagshistorier med forsamlinga. Knut fortalte litt om historia til huset vi har møta våre i, Sanitetshuset bygd i 1929 og drive av sanitetskvinnene i Herøy i alle år.

Det heile vart avrunda med avslutningssong, ”Fager kveldsol smiler” , før Magnus takka for frammøtet, kjekt årsmøte og ønskte alle vel heim!

0 resultater