Lokallagsleiar Gerd Magnhild Misfjord. Foto: Privat

Årsmøtetider

Det er årsmøtetider i landet, og slik er det også for vårt lag. Det gir oss mogeligheiter til å reflektere over året som er gått, kva vi fekk til, og kanskje må vi sjå litt nærare på somme ting.

Vestnes pensjonistlag har hatt 11samlinger i året som har gått, derav to turer. Innhaldet på møta er omtrent det same som vi har har hatt dei siste åra, ei blanding mellom foredrag, song og musikk, nytt frå PF, quiz m.m. Vi skal heller ikkje gløyme god mat og det sosiale i samlinga, ja, kanskje det vert det viktigaste for oss som åra går.

Men som åra går skjer det også ei utvikling på dei fleste områda i livet. Noko må vi vera med på om vi vil eller ikkje. Akkurat no tenkjer eg på den digitale verda, dei digitale verktøya som det så fint heiter. Det er mange på vår alder som synest dette er vanskeleg og vil helst velja bort heile greia, noko som ikkje gjer kvardagen enklare i mange høve.

Vi kan framleis velja, men vi kan ikkje sjå bort frå det heller. PF meiner vi må sjå positivt på dette. PF skulle nok ynskje at det gjekk noko seinare slik at fleire kunne bli med etter kvart, men det er vanskelig å få gjort noko med det, henvendingar er sendt til mange instansar.

Som leiar må eg bruke Pc i arbeidet i laget. All post er e-post, og det må svarast på same måte. Diverre er det ikkje så mange i vår alder som er med, og det vert vanskeleg å vera med på denne arenaen. Møre og Romsdal PF sender ut informasjon på papir til dei som må få det på papir. Vi seier det er digitale utfordringar.

Ei anna stor utfordring heiter: Meld.St.15«Leve hele livet». Denne reforma har eg nemnt fleire gonger før, og kjem til å gjera det framover også. Dette er ei kvalitetsreform for eldre der vi i vår alder (65+), må ha lov til å forvente ei bedring i høve til kva dagens tilbod er mange gonger. Den skal gjelde for heimebuande og på institusjon. Reforma skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger, oppleve god livskvalitet, og vera viss på at ein får den hjelpa ein treng når behovet viser seg.

Reforma skal bidra til at pårørande ikkje slit seg ut. Eit svært viktig mål er òg at helsepersonell får bruke sin kompetanse, og i tillegg føle at dei får gjort ein god jobb.

Det er fem innsatsområde i reforma: Eit aldersvennleg samfunn. Aktivitet og fellesskap. Mat og måltider. Helsehjelp. Sammanheng tenestene.

Stortingsmelding 15 er full med gode idear om kva kommunen kan gjera for å nå desse måla, dei er samla inn med dette formålet, til inspirasjon for kommunane. Reformperioden er frå 2019 til 2023, med ymse trinn frå start 2019 til evaluering og forbedring 2023.

Det er store utfordriner for oss alle. Vi må vera med å tenkje nye tankar, ta i bruk velferdsteknologi o.a. Mest av alt sjå på det som eit spanande og godt formål. Trass i alt er det viktig at vår kommune vert i stand, både økonomisk og organisatorisk, til å utføre det som følgjer med ei reform. Diverre er det lite eller ingen ekstra pengar som står til disposisjon, så her må ein disponere det ein får. Vi kan trygt seia at kommunen og politikarane får nok å gjera.

Onsdag 13/2 har vi først årsmøte. Der er det vanlege årsmøtesaker. Nye verv er spurt om på førehand, så alle er trygge på møtet. Etter at årsmøtet er avvikla er det medlemsmøte. I dag har vi smørbrød med bløtkake til bevertning. Etter åresalg m.m vil trubadur Karl Arne Frantzen synge for oss, for så å avslutte med ord til ettertanke og sangen De nære ting.

Alle våre møte er opne, og vi ynskjer framleis ekstra vel møtt til deg som ikkje føler deg gammal nok, men likevel har alderen!! Vi blir alle gamle i Vestnes kommune, så kom å bli med i godt sosialt lag!

0 resultater