Jens Petter Jelle i Stranda Pensjonistlag vil høyre kva kommuna tenker om fastlegeordninga.  FOTO: ARKIVFOTO

Stiller spørsmål om fastlegeordninga

Stranda Pensjonistlag har sendt spørsmål til Stranda kommune knytt til fastlegeordninga i kommunen.

Stranda Pensjonistlag har sendt spørsmål til Stranda kommune knytt til fastlegeordninga i kommunen.

På Pensjonistforbundet sitt landsmøte vart det sett fokus på at det i mange kommunar er vanskeleg å rekruttere nye fastlegar og at erfarne fastlegar sluttar i jobben grunna stor arbeidsbelastning.

Dette er eit tema alle lokalforeiningane i Pensjonistforbundet no tek tak i.

– Vi i pensjonistlaget ønsker å sjekke korleis denne situasjonen er i vår kommune. Vi har ikkje diskutert dette noko nærare i lokallaget, men vi har sendt brev til kommunen der vi ber om kommunen sitt syn på fastlegeordninga og korleis framtida for denne ser ut i Stranda kommune, seier leiar i Stranda Pensjonistlag Jens Petter Jelle til Sunnmøringen.

0 resultater