Leiar orienterer forsamlinga. Foto: Ansgar Misund

Jubileumsåret 2019 godt i gang

Trass snø og glatte vegar vart det godt frammøte til det første møtet i laget i det året ein gjerne kallar jubileumsåret. Dei 42 frammøtte fekk god innsikt i lagsdrifta i dag og vidare framover.

Det var laget sin dyktige leiar, Gerd Misfjord, som hadde hovudinnlegget denne kvelden. Ho orienterte om Meld. St. 15 med undertittel «Leve hele livet». Dette er eit vidtfemnande, men viktig styringsdokument for kommunane. Til slutt skal innhaldet i stortingsmeldinga komme dei eldre til gode. Dette er med andre ord ei kvalitetsreform for eldre. Innføringa av alle tiltak i reforma vil ta fleire år, og kommunane må gjennomføre alle tiltak. Dessverre følgjer det ingen pengar med, så kommunen må bruke av såkalla frie midlar.

I foredraget sitt sa leiar at det må til samarbeid mellom kommunen, pensjonistlaga og andre organisasjonar for at nye tiltak skal bli vellykka. Arbeid må gjerast på andre måtar, og det frivillige arbeidet må sterkt inn i dette samarbeidet. Også eldreminister Else Michaelsen var, i eit møte der pensjonistlaga i fylket var til stades, svært oppteken av samarbeidet med kommunen og kva dette kan føre til.

Vidare fortalde leiar om brukarutvalet som no ser ut til å bli ein realitet. Ei arbeidsgruppe med medlemmar frå dei fire pensjonistlaga og frå eldrerådet, har no lagt fram forslag til eit brukarutval. Dette forslaget skal opp som sak i eldrerådet denne månaden.

Eit anna viktig punkt i orienteringa til leiar, var dette med medlemskontingent. Det er fleire endringar som skjer dette året, spesielt innlemming av alle kollektive medlemmer, men for dei faste medlemmane i laget, har ikkje dette så mykje å seie når det gjeld kontingent. Vestnes Pensjonistlag har stort sett hatt medlemskontingent tilsvarande den som blir gjeldande no.

Elles på møtet var alt som det skulle vere med ord for dagen, ord til ettertanke, god mat og åresal. Sidan underhaldar meldte forfall, vart det quiz, og det var populært. I det heile vart det første møtet i 2019 eit av dei mange vellykka møta i Vestnes Pensjonistlag.

0 resultater