Bilførarkurs +65

Førde Pensjonistlag arrangerer nytt kurs tysdag 5. februar kl 09 00 - 15 00 i kurslokala i Fjellvegen 10, (Brunosten).

Kurset blir arrangert i samarbeid med Statens Vegvesen og Inge Grane frå Trafikkstasjonen i Førde er instruktør.

Formålet med kurset er at du framleis skal oppleve køyreglede i mange år framover ved at du får oppdatert informasjon om lover, forskrifter, køyremønster og trendar i trafikkbiletet.

Kurset er gratis, og ope for alle. Deltakarantalet er begrensa til 20 personar så dei som kjem «først til mølla» kjem først med. Dersom det blir fleire enn 20 påmelde vil vi sette opp venteliste til eit seinare kurs.

Det blir servert kaffi og enkel lunsj.

Møt trivelege folk, del dine erfaringar og bli oppdatert.

Sjå vedlaget program for påmelding.

0 resultater