Tur til Island

Bli med på tur til Island 10. - 13 september 2019

Førde Pensjonistlag inviterer til tur til Island 10. - 13 september 2019. Vi reiser frå Førde med buss til Bergen ca kl 09 00 den 10. september og landar på Keflavik 16 05. Vi bur på Vatnsholt Hotell og har hotellet som base til utflukter 11. og 12. september.

Vi reiser tilbake frå Keflavik den 13. september kl 10 30 og landar på Flesland 14 50. Vi reknar med å vere i Førde ca kl 20 00.

Prisen er ca. kr 9.500,- pr. person (kr 1.100 i tillegg for enkeltrom) avhengig av kurs på islandske kroner og tal deltakarar. Prisen dekker buss til og frå Flesland, flybillettar, hotell (overnatting, frukost og middag) og guiding på Island med norsktalande guide.

Påmeldingsfrist:

Bindande påmelding innan 10. desember 2018 til Kjell Sandnes, tlf 90846244 eller e-post: kjell.sandnes@enivest.net

 Ved påmelding må depositum på kr 700 innbetalast til vår konto 3700.20.07666.

Sjå nærare om turopplegg og invitasjon i vedlegga nedanfor.

 

0 resultater