Folkestad fortalde om store og små fuglar. 

Fuglane vann!

På medlemsmøtet 14. november var det to hovudtema, fuglar og bil, og fuglane vann. I alt 55 personar var på møtet som varte frå klokka 17-20.

Etter velkomsthelsing frå leiar, allsong og ord for dagen, var det ornitolog Alf Ottar Folkestad som fekk ordet. Han skulle fortelje om fuglar. Det han ikkje veit om fuglar, er det heller ikkje verdt å vite, meinte leiar. Etter eit langt, men interessant foredrag, kan ein bli freista til å gi leiar rett. Utan tvil kan ein slå fast at med god kunnskap om fuglar, veit ein òg betre kvar dei einskilde artane held til. Utifrå foredraget er det klart at mange og til og med skjeldne artar finst der ein kanskje ikkje trur at dei er.

Folkestad fortalde og viste bilde av mange forskjellige fugleartar. Han fortalde om korleis han fekk interesse for fuglar, og om arbeidet sitt gjennom mange år. Også tillitsverv som leiar av Norsk Ornitologisk Foreining, var han innom. Like eins eit oppdrag han hadde for Verdens Villmarks Fond der han arbeidde med eit ørneprosjekt. Eit spennande foredrag der publikum verkeleg var med.

Bilseljarane får Brages Bilforretning i Ålesund var òg dyktige, men om interessa hos det same publikum var like stor for bil som for fugl, er heller tvilsamt. Pensjonistforbundet har forhandla fram ein avtale med Toyota der medlemmer i Pensjonistforbundet får avlag i prisen. Tilbodet er i alle fall på plass.

Etter matøkt, åresal, meir song og ord til ettertanke, kunne møtet avsluttast med orientering frå leiar om aktuelle saker frå både forbund og møte leiar har teke del i. Det var òg eit kort referat frå eldrerådsmøtet same dag.

0 resultater