Styre for 2013

Årsmøtet 2013

Årsmøte i Pensjonistlaget med godt program. Fredag 15 februar var vi samla til årsmøte i Pensjonistlaget.

 Årsmøte i Pensjonistlaget med godt program.

Fredag 15 februar var vi samla til årsmøte i Pensjonistlaget, og so godt som heile salen var fylt då formannen opna møte.  Årsmøte var kunngjort på møte den 18 januar, og i Sykkylvsbladet.  Som skikken er, var det først ei stille stund, der vi minnest dei som hadde gått bort, sidan sist vi var samla.

Før vi gjekk over til årsmøte fekk vi ord for dagen ved Terje Bakke.

På møte fekk vi framlagt årsmelding, som synte det som lage har arbeidt med i åre.  Rekneskapen var greidt og oversikteleg framlagd.

Valnemda hadde fenge på plass folk til alle dei plassane som var på val.

Styre vart:  Johannes Langeland formann, Terje Bakke, Margit Fet, Synneve Horsevik , Agnar Flatabø, desse var ikkje på val.  Nye vart Borgny Sørgård og Agnes Slettevoll.

Vararepresentantar til styre: Helge Nygård,Maghild Hole og Per Kaspersen.

Andre nemder:

Husnemd: Per Kaspersen, Bjarne Brekke.

Kjøkkennemd: Eldbjørg Lillevik, Synneve Horsevik.

Gjevinstnemd: Eldbjørg Lillevik.

Matnemd:        Bergeljot Sjåstad, Marit Flatabø

Revisorar:  Norvald Sjåstad, Bjarne Brekke

Valnemd: Lilly Kaldvatn, Svein Indrebø, Svein Dale.

Då alle saker og val var undangjort, tok Sørstranda over med program. som var godt leia og samanfletta av Terje Bakke.

Vi fekk vakker musikk av sysken paret Per Svein og Øygun Tandstad

Ei adeles hyggestund med sang av Hundeidvik damene pluss ein kar, godt opstøtta av Flåens orkester. Verkeleg triveleg.

Jarle Tussvik snakka om  slektsgransking i både sakleg og muntert orlag.  Eit foredrag som gav meirsmak.

Mat og kaffi var sovist med, likeeins åresalg og trekkning.  Velnøgde vinnare av fine plantar kunne rusle heim med dei under armen

Laget har kosta på seg ny talarstol.  Magnar Fet har produsert ein vakker og tenleg stol.  Lønna for arbeidet var ikkje stor, ein potte plante det var alt.

Dermed var kvelden tilende, nokk ein kveld til hygge for oss som var tilstades.

 

Sykkylven Pensjonistlag        Agnar Flatabø  

0 resultater