Ved fuglebrettet. Foto: Wikimedia

Møte med fleire tema

Fuglekiking og motorisert ferdsel blir hovudtema på Vestnes Pensjonistlag sitt møte onsdag 14. november 2018.

«November er så trist å grå, men nyttig likevel for da må barna finne på å lage moro selv». Dette er nokre linjer frå Alf Prøysen sin barnesang om aktiviteter kvar månad året igjennom. Det er så rart med det vi lærte i barneår. Som tida går dett det plutselig ned i hovudet på ein…

Vi må vel skrive om verset litt, for vi er ikkje born lenger, vi er godt vaksne (om det seiest at vi blir som born igjen). Men det med aktivitet er vel like aktuelt. Morro er vel heller ikkje rette ordet, men å utføre noko, vera med på noko som gjer ein glad og fornøgd med tilværet.

I sommarmånedene og sola skin er det mest nok å sette seg ut i sola for velvære. Men det å sitte inne, å sjå på regnværet ute gjer ikkje sitt til godt humør. Dessutan ligg det grunnleggjande i vår generasjon at det helst skal vera noko nyttig i det vi foretek oss.

Kva styrer vi med i våre varme gode hus og stover desse vintermånadene ? Tja. Eg veddar på at det er mykje TV. Nokon hører vel på radio. Pc og nettbrett. Mange les. Alt dette fører oss rundt heile verda døgnet rundt om vi vil. Framleis har vi levende dei gamle gode hobbyane både for menn og kvinner, det å utføre noko med hender og hovud. Heldig er den som kan strikke og heldig er den mann som har garasje. Finn vi ikkje noko å gjera i heimen, kan vi sjå i kulturkalenderen i avisene. Det må finnast noko i alt vi kan velje i mellom som gjer denne årstida så kort og hyggeleg som mogeleg. Vi har ingen grunn til å vera einsame.

Onsdag 14/11 er det nytt medlemsmøte på Vestheim. Denne gongen vert det mykje om fugler. Det er ein ny hobby for oss pensjonister, det å ha tid å studere fuglelivet på brettet eller trærne. Denne dagen er vi så heldige å få Alf Ottar Folkestad til å kåsere om fugler. Han er ornitolog. Ornitologi er læren om fugler. Namnet hans har vi høyrt mange gonger, han er kjendt frå Runde, frå fuglefjellet Hornøya, har kunnskap om sjøfugler, fugler i folketrua osv. osv. Det han ikkje veit om fugler er det ikkje verdt å veta.

Frå fuglene i lufta og deira frie liv er det eit langt sprang ned til bilene på vegen. Pensjonistforbundet har forhandla fram ein gunstig avtale vedr. Toyota. Frå Brages i Ålesund kjem ein representant som vil informere oss om denne avtalen.

Har du lest alt eg har skreve til no, ser du at det er eit flott program vi har å by på denne kvelden. I tillegg er det ord for dagen og ord til ettertanke og åresalg. Gode smørbrød m/ kake til kaffien. Allsangen skal vi heller ikkje gløyme. Og når flinke Avhild Vike speller opp, finn tonene pianoet, er det berre å stemme i, Allsang gjer oss glade, og masse endorfiner danser rundt i kroppen vår !

På det store fellesmøtet vårt i september vart overskuddet 5000kr. Det er sett inn på trivselkonto til VSH. Helene Bø Gjerde takker hjertelig. Desse pengene går til turer, underhaldning, blomster o.a. som er til glede for dei som bur der.

Det vert lagt ut lister for påmelding til julemøtet. Det vert på Fjordhotellet 12/12 kl 17. Koster 450 kr. Ørskogkvartetten har underhaldninga denne kvelden.

Velkommen til eit ope pensjonistmøte som skulle ha alle moglegheiter for å bli ein hyggelig kveld i godt sosialt lag.

0 resultater