God kjøtsuppe

Godt møte.

Interessa for medlemsmøta i Vestnes Pensjonistlag er framleis stor. 53 personar møtte fram onsdag 10. oktober, og stemninga var god.

Pensjonistlagsmøtet i oktober var annonsert som eit reint hyggemøte. Klart dette kunne bli oppfatta slik at møta elles ikkje er hyggelege. Sjølvsagt er det feil, for styret i laget er flink til å legge til rette for trivsel på møta, og pensjonistane har jammen evne til å slå seg laus saman med venner.

Kommuneadministrasjonen orienterte om rehabilitering av folk som av ein eller anna grunn har vorte råka av sjukdom. Slikt arbeid er sterkt lovregulert, og i følgje Marit K. Tomren er det mange profesjonar som er involverte i dette arbeidet. Samarbeid er eit nøkkelord, og i Vestnes skal dette fungere godt. Sidan rehabiliteringsavdelinga vart oppretta for ein del år sidan og fram til i dag, har mykje endra seg. Ingen hadde spørsmål eller kommentarar til orienteringa, så da kan ein kanskje trekke den slutninga at folket var fornøgd med det som vart sagt.

På dette møtet var det lagt opp til mykje allsong. Song er ein del av kulturarven vår, og det fell naturleg at pensjonistane er flinke kulturberarar. Gode songar kallar fram minne og skaper stemning. Elles var det ord for dagen og ord til ettertanke på møtet. Ein relativt enkel quiz sette folk pris på. Engasjementet rundt borda fortalde om dét. Åresalg er òg noko folk likar, så det er ein aktivitet pensjonistlaget må halde fram med.

Ingen ting overgår måltidet. Da får alle stilt svolten dei måtte ha, og ikkje minst får alle høve til å prate saman. God kjøtsuppe var veldig godt, og kaffi og ein søt twist etterpå, fall i smak. Desembermøtet vil by på ekstra god mat, for da blir det såkalla julebordet avvikla, men det blir møte i november også. Pensjonistlaget gir oss påfyll for både kropp og sjel.

I følgje orienteringa til leiar, arbeider Pensjonistforbundet jamt og trutt for oss. Mellom anna kan medlemmer i Pensjonistforbundet få ganske bra reduksjon i pris på kjøp av ny bil. Da må det riktig nok bli ein Toyota, men det er da eit bra bilmerke.

0 resultater