Sentrale personar under møtet: Aud-Berit Eidhammer - Melvin Steinsvoll - Gerd Magnhild Misfjord

Pensjonistlaga samla

Denne gongen var det Vestnes Pensjonistlag som inviterte dei andre pensjonistlaga i kommunen, ja, andre interesserte også, til møte. Over 70 personar møtte fram.

Alle pensjonistlaga var representert på møtet på Vestheim. Opplegget for møtet var i tradisjonell stil med song, ord for dagen og same leis ord til ettertanke, åresal og ein god kaffipause. Møtet vart leia av lokallagsleiaren, Gerd Magnhild Misfjord. Spesielt inviterte var Aud-Berit Eidhammer som sekretær i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal (Pf MR), og leiaren i Pf MR, Melvin Steinsvoll.

Dei fleste var nok spente på kva fylkesleiaren hadde å seie. Melvin har ordet i si makt, og han brenn for vår organisasjon. Han meinte at vi godt kunne ha skrive om eit anna slagord slik at vårt kunne bli «Utan pensjonisten stopper Norge». Med dette som bakteppe, snakka han litt om kor ofte pensjonistar stiller opp både for eigen familie og andre.

Hovudsaka var like vel forbundet vi er knytt til. Som han sa, så er Pensjonistforbundet den desidert største interesseorganisasjon for pensjonistar i Norge. Denne organisasjonen tek eit stort ansvar for den eldre generasjon, og ønsket er sjølvsagt at enda fleire skulle ha meldt seg inn for å styrke vår organisasjon. Dette dokumenterte han godt og viste heile tida til Pf MR sin handlingsplan.

Det eksisterer eit viss hierarki i ein kvar organisasjon, så også i Pensjonistforbundet, men fundamentet er utan tvil lokallaga rundt omkring i kommunane. Av den grunn blir arbeidet i lokallaga svært viktig, noko Melvin la stor vekt på i foredraget sitt. Han trekte fram fleire moment, og eitt viktig moment var å få til eit formalisert samarbeidet mellom eldrerådet og lokallaget.

Pf MR driv eit godt utoverretta arbeid. Her kan nemnast forskjellige konferansar, og ikkje minst det å vere ute i lokallaga. Det er utan tvil viktig at medlemmane i organisasjonen kjenner dei som jobbar i der, og dei tillitsvalde. Slik sett fall dette møtet inn i aktiviteten til Pf MR. Den relativt nytilsette fylkessekretæren presenterte seg sjølv på møtet.

Pf MR slik som Pensjonistforbundet elles, er partipolitisk uavhengig. Like vel er svært mykje av arbeidet både nasjonalt og regionalt, politisk motivert. Melvin sa at vår organisasjon driv ikkje partipolitikk, men eldrepolitikk. Det er jo medlemmane glade for, og det er òg den viktigaste grunnen til vårt medlemsskap. I foredraget kom Melvin inn på mange prioriterte oppgåver. Ei av desse er rekutering til omsorgsyrka. Her må det leggast press på kommunane. Ikkje minst er det viktig at alle ledd i organisasjonen vår har god kontakt med politikarane. Utfordringane blir ikkje mindre med åra kunne vår dyktige foredragshaldar slå fast.

Kort sagt vart dette medlemsmøtet både hyggeleg og interessant.

0 resultater