Vestnes Pensjonistlag og Tomrefjord Pensjonistlag  hadde stand under Frivilligdagen 2018

Frivilligdagen markert i Vestnes

«Uten frivilligheten stopper Norge» har det blitt sagt. Laurdag 15. september vart Frivilligdagen markert i Vestnes. Mange lag og organisasjonar hadde stand.

Heile 17 forskjellige lag og organisasjonar var med i markeringa av Frivilligdagen i Helland sentrum i Vestnes. Sjølvsagt stilte politiske parti, for no er det jo berre eit år til det er val. Vestnes Røde Kors var på plass, og vår eigen organisasjon Pensjonistforbundet stilte opp godt representert ved pensjonistlaget i Tomrefjord og Vestnes Pensjonistlag. Den godt fungerande Frivilligsentralen i Vestnes hadde eigen stand og dei var òg koordinator for heile opplegget.

Dei færraste som stiller på ein slik dag, får vel det store utbyttet, men like vel er det viktig å markere at ein er til. Dersom ein ikkje er synleg, er det heller ingen som veit at laget eller organisasjonen finst. Honnør og kraftig applaus til alle frivillige som brukar av seg sjølv til nytte og glede for andre menneske!

0 resultater