Melvin Steinsvoll - leiar i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal - blir hovudtalar

Vestnes Pensonistlag inviterer alle pensjonister i Vestnes!

Aktive eldre er viktig for samfunnet, men aller mest for dei sjølve. Det gjeld å leve heile livet.

Dagene går fort, i alle fall for aktive pensjonister. Vi som tillegg er så heldige å ha god helse, har det ganske bra. Som pensjonist heter det at vi kan «gjera som vi vil med tida vår», men det er vel eit utsagn med visse modifikasjoner. Dei fleste av oss har visse forpliktelser videre. Vi er heldige som har vår alderdom i Norge, og vi har mange aktiviteter vi kan velge imellom.

«Leve hele livet» er budskapet frå Erna i ei stor reform, kvalitetsreform for eldre (Meld. St. 15). Her er mange sider om det å vera aktiv, vera deltaker i eige liv. Det er ikkje måte på kor bra vi skal få det, og er vi positive, går det meste bra. Vi får vone at noko av alle gode meininger slår til.

I tillegg kjem den nye eldreministeren Åse Michaelsen med ein «magisk medisin «som ho gjorde kjent for oss gjennom avisinnlegg for ikkje så lenge sida. Ein magisk medisin som gjer alderdommen god og meiningsfull. Den brukast der menneske møter menneske , og virker med ein gong. Her er essensen: Vi som pensjonister skal vera med på aktiviteter som er til glede og fører til god helse for oss. Frivilligheit er stikkordet. Det å vera med i lag og organisasjoner, der menneske møter menneske er meiningsfullt for alle, og det er bevist at det fører til god helse.

Den 15 september arrangeres Frivilligdagen på Vestnes. Der vil dei fleste frivillige lag ha stand. Pensjonistlaga i Vestnes også. Berre kom å slå av ein prat, så kan vi bli bedre kjent!

Vårt neste møte er den 19 september kl 17 på Vestheim. I den anledning har vi den store gleda å invitere alle pensjonister i kommunen og elles andre som kan ha interesse av innhaldet. Mellvin Steinsvoll er taler for kvelden. Han er leiar av Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal. Dessutan er han medlem av Sentralstyret i Pensjonistforbundet, ivrig og vel kjend organisasjonsmann. Som leiar av PfMR har han ofte innlegg i avisene om tema som er nyttige for oss å verta kjent med. Neste år er det valg, så då vert det sikkert nokre tanker om å stå saman, vi pensjonister. Vår nye sekretær, Aud Berit Eidhammer vert også med. Sofie Klokset vil synge for oss. Bevertning og åresalg høyrer med på møta våre. Overskuddet denne kvelden går inn på trivselkonto til Vestnes Sjukeheim.

Jan Davidsen, vår forbundsleiar, hadde dette budskapet på landstyremøtet på Geilo: «Det heiter ikkje eg - men vi, alle skal med».

Dette blir mitt busdskap også til dykk alle: Kom å bli med på laget!

Alle velkomne til Vestheim!

0 resultater