Bilete frå Værlandet og Bulandet

Tur til Værlandet og Bulandet 23. august 2018

Vi inviterer til tur til Værlandet og Bulandet torsdag 23. august. Det blir buss frå Førde ca. kl. 07.45 heile vegen med ferje over frå Askvoll til Værlandet kl. 09.15. Retur med ferje kl. 16.30 slik at vi er tilbake i Førde kl. 19 00.

Vi skal ete middag på restauranten Havsalaten på Bulandet. Menyen er Breiflabbgryte med Cremebrulè til dessert. Planen er også å besøke Landøy Steinindustri på Værlandet, kunstgalleriet «Liv og Lyst» og «Temaparken» på Bulandet.

Temaparken gjev eit heilskapleg bilete av livet i øysamfunnet og viser ei interessant historie frå gamalt av og fram til no. 

Du kan melde deg på innan onsdag 25. juli til Kari Hauge; Mobil 911 07 314 eller e-post:

haugekari@gmail.com

Sjå nærare om program og prisar i vedlegget nedanfor.

0 resultater