Årsmøtet 2013 avholdt

Ruth Berg ble gjenvalgt på årsmøtet 5. februar.

 Spjelkavik og omegn Pensjonistforening

Litt om aktivitetar i 2012.

Pr. 31.12.2012 hadde Spjelkavik og Omegn Pensjonistforening 335 medlemer.

Laget har hatt eitt årsmøte og sju medlemsmøte med i snitt  98 frammøtte.Medlemene er flinke til å ta del i aktivitetar som foreninga tilbyr.  Spaserstokken har to oppmøte for veka i sommarhalvåret,

med tur i nærområdet eller utflukter til  mål lenger unna. Vi syng til trekkspelmusikk ved Arne Kleiven, vi drikk kaffi og kosar oss. Er veret dårleg, er vi så heldige å ha kafeen i Omsorgssenteret som base etter turen.

Senteret er svært viktig for oss! Der har vi medlemsmøta våre, der møtest vi til Sosialaften fire gonger for året, og der har vi utgangspunkt for turane med Spaserstokken.

Medlemene deltek flittig i aktivitetar som Eldrekulturkomiteen og Seniorsenteret tilbyr, som seniordans, sangkafe, trim ,konsertar,etc.

Femdagarsturen i 2012 med 38 deltakarar gjekk til Pers Hotell på Gol og var svært vellykka,med interessante utflukter, m.a. til bjørneparken i Vassfaret.

Dagsturen gjekk til Eide på Nordmøre med besøk i Naas kalksteinbrudd og Bergtatt. Ei nedlagt gruve var omgjort til ei eventyrverd!  63 påmelde var med på turen som gjekk vidare til Bud.

Den 3.januar hadde vi juletrefest i Spjelkavik kyrkje , og den 23. november møttest 78 påmelde til julebord i SIL-huset.

Det er god stemning på medlemsmøta. Det betyr mykje reint sosialt

at folk har ein stad å gå til -der dei kan møte vener og kjentfolk!

Val av nytt styre på årsmøtet den 5. februar 2013:

 

Leiar:            Ruth Berg,                              attvald for 2 år.                  

Nestleiar:      Ingvar Omenås,                      ikkje på val.                

Kasserar:      Signe Aspehaug,                    ikkje på val..   

Sekretær:      Bjørg Seljeflot,                       attvald for 2 år.

Styremedlemer:   Nils-Edvard Selliseth,     attvald for 2 år.

                             Ragnhild Steen Stiansen,  ikkje på val.

                             Lars Peder Vågen,             ikkje på val

Varamedlemer:    1.Greta Mauren,møter fast i styret, attvald for 1år.

                             2.Liv Asta Vågen, attvald for 1 år.

Kjøkkenpersonale:                                    Reserve:

Jorunn Drønen,   attval, 1 år.               Anna Sæther,   ny, 1år.       

Paula Sjåstad,      attval  1 år.               Oddny Solbakken,1år.

Sigrun Haalen,     attval, 1år.

Ingrid Gjendem,   attval,1 år.

Kaffikokarar:

Greta Mauren,       attval,1år.

Dagrunn Viddal,    ny,      1år.

Revisorar:                                                       Turkomite.       

Mary Skageflå,       attval, 1år.               Oddny Lange,  attval, 1år.

Magne Mork,          attval, 1år.               Laila Sørensen, ny,     1år.

Spaserstokken:

Leiar:    Ruth Berg,  attval, 1år.

              Kjell Hole, attval, 1år.

              Else Karin Voergaard , attval, 1år.

              Sigrun Haalen,              ny,  1år.

Valkomite:

Alida Sandvik, ny.               Herborg Foss,  ny.

Gerd Magerholm, ny.

Valkomite har vore:Anne Marie Otterstrøm,Ada Bjørge og Jenny Tronstad

0 resultater