Takk til frivillige under «Kva er viktig for deg-dagen»

Fagsjukepleiargruppa i Haram retter ei stor takk til Besøkstenesta og Pensjonistforbundet for deira innsats i markeringa av «Kva er viktig for deg» -dagen 6. juni.

Fagsjukepleiargruppa i Haram retter ei stor takk til Besøkstenesta og Pensjonistforbundet for deira innsats i markeringa av «Kva er viktig for deg» -dagen 6. juni. 

Dei frivillige gav god hjelp på Eidet omsorgsenter, Haram omsorgsenter og på dagsenteret på Longva. Dei bidrog med varierte aktiviteter som vaffelsteiking, samtale, song og turgåing. Stemninga var god og vaflene med jordbærsylte og rømme gjekk ned på høgkant medan praten gjekk lett. 

27.06.2018

0 resultater