POPULÆRT: Til saman 22 pensjonistar har delteke på datakursa til Aukra Pensjonistlag. Her får dei eldre opplæring i bruk av nettbrett og smarttelefon. Nokre treng berre å komme litt vidare, medan andre må begynne fr&ari

– Vi ser at ting endrar seg fort, men då er det betre å prøve å henge med, enn å bli hengande etter

Aukra Pensjonistlag arrangerer gratis kurs i nettbrett og smarttelefon for eldre. Sosiale medier er eit av måla.

LITT VIDAREKOMNE: Naboane Kristian Vasdal og Reidun Stavik har egge datamaskin heime, men Kristian foretrekker mobilen når han skal betale rekningar, medan Reidun foretrekker Ipad. – Eg gler meg mest til å ta i bruk denne appen, fortel Kristian og viser oss sjøkart med oversikt over skipstrafikken. – Kjekt å følge med, meiner han. Foto: Gunn E. Aarønes

– Vi ser at ting endrar seg fort, men då er det betre å prøve å henge med, enn å bli hengande etter. Det er betre å «tenne lys, enn å forbanne mørket». Mange tør ikkje prøve i frykt for å gjere feil. Her kan dei hjelpe kvarandre og få oppfølging i etterkant, meiner Wilhelm Andersen, leiar i underhaldnings- og turkomiteen i Aukra Pensjonistlag.

Populært.

Pensjonistlaget har tatt initiativ til å starte gratis kurs for pensjonistar i bruk av nettbrett og smarttelefon, og tilbodet har vore godt mottatt.

– Til no har 22 eldre delteke på dei to kursa, så det ser ut til at ønsket er stort, meiner han.

Kurset er finansiert av helsedirektoratet og skal motverke einsemd blant eldre.

– Her får alle vere med, medlem eller ikkje. Målet er å kunne bruke nettbrett og smarttelefon til å ha kontakt med barn og barnebarn, slekt og venner. Mange tør ikkje prøve – dei er redd dei ikkje heng med. Men her er nivåa forskjellige, kursdeltakarane kan hjelpe kvarandre og det heile er stødig styrt av Tone Klev ved MD Consult, som også har tilbydd seg å følge opp dersom nokon av deltakarane treng det, fortel Andersen.

To gode naboar

SNART PÅ E-POST: – Eg driv og hjelper Alf (Rønstad) med å få opp Gmailen no, forklarer Wilhelm Andersen. Sistnemnde er leiar i underhaldning- og turkomiteen i Aukra pensjonistlag. Foto: Gunn E. Aarønes

Blant kursdeltakarane finn vi naboane Reidun Stavik og Kristian Vasdal. Begge har datamaskin heime – Kristian stasjonær og Reidun bærbar. Men medan Reidun foretrekker dataen til å betale rekningar, er Kristian begeistra for bank-app’en på mobilen. Der betaler han rekningar.

– Eg slit litt med å legge rekningar på forfall, men det vil banken hjelpe meg med, forklarer han.

Kva treng han Ipad’en til då?

– Jo, sjå her, seier han begeistra og viser oss eit sjøkart på nettbrettet:

– Dette er den beste appen! Dette sjøkartet skal eg ha med meg neste gong eg er på sjøen – her ser eg både ferja, her er ein båt ute på Buagrunnen og her kan ein følge med på alt som skjer på sjøen! seier han begeistra.

Må haldast ved like

Kurshaldar Tone Klev ser at ferdigheitene til dei eldre varierer når dei kjem på kurs:

LÆRER BORT: Tone Klev ved MD Consult lærer eldre korleis dei skal komme på nett og bli meir sosiale. – Det er stor forskjell på kor langt kursdeltakarane har kome. Men uansett så er det aller viktigaste å halde kunnskapen ved like, meiner ho. Foto: Gunn E. Aarønes

– Det er stor nivåforskjell og nokre blir assistentar når dei kjem, medan andre startar heilt frå begynninga. Målet er at dei skal komme online i sosiale media, slik at dei kan halde kontakt med slekt og venner. Så får det vise seg, om dei får det til. Det viktigaste er at dei syns det er gøy, og at dei brukar kunnskapen etterpå.

– Vi nyttar hovudsakleg nettbrett fordi det er lettare å bruke og fordi risikoen for å gjere feil er mindre. Dei er anbefalt av Pensjonistforbundet og har dei mest solide app’ane i tillegg til at dei er mindre utsett for virus og lureri, fortel Klev.

– Eg har tilbydd meg å følge opp dei som ønsker det, og då gjerne med datakveldar der fleire møtest – det er jo også sosialt, meiner ho, før ho ber deltakarane legge nettbrett og smarttelefonar til sides. Ein må jo ha kaffipause og kaker, her også.

0 resultater