MARKERING AV VERDENS AKTIVITETSDAG – 10. MAI

10. mai vert Verdens Aktivitetsdag markert. På Valderøya er det Valderøy Pensjonistlag som står for denne markeringa.

10. mai vert Verdens Aktivitetsdag markert. På Valderøya er det Valderøy Pensjonistlag som står for denne markeringa. Pensjonistforbundet har i ei årrekke vore med å markere dagen, saman med ei rekke andre organisasjonar. Dagen vart starta opp som eit initiativ frå Verdens helseorganisasjon i 2003, som då var leia av Gro Harlem Brundtland.

Det er mange ulike aktivitetar rundt denne dagen. Ein del lag satsar på fysisk aktivitet, og andre, som Valderøy Pensjonistlag, skipar til eit ope møte for alle. Det å møtest og ta del i eit sosialt tilbod er også ein aktivitet, seier styret for pensjonistlaget på Valderøya.

Pensjonistlaget har gjort dette til ein tradisjon, med liknande arrangement i fleire år. Og i år fell 10. mai på Kristi Himmelfartsdag, noko som gjer at vi vonar mange har tid og lyst til å møtest, seier leiaren i pensjonistlaget, Anne Lise Hessen Følsvik.

Vi har eit flott program, med foredrag, musikkunderhaldning og servering, og sjølvsagt god tid til å prate saman. I år, som tidlegare, har pensjonistlaget eit samarbeid med fleire; IL Valder opnar klubbhuset sitt i høve dagen, og Giske Frivillegsentral, Folkeakademiet Giske og Sparebanken Møre samarbeider med oss for å få til ein vellykka dag. Og dersom nokon treng skyss til Valdervoll denne dagen, ordnar vi det

0 resultater