Styreiarane  Terje Krogset og Solfrid Hagemann

Jubileumsmøte i Ytre og Indre Herøy Pensjonistlag på Hotell Neptun onsdag 11. april kl. 15.00.

Spisesalen på Neptun var nydelig pynta, med norske flagg, Pensjonistforbundet sin banner godt synlig og serviettene på bordet hadde havet sin blåfarge.

Spisesalen på Neptun var nydelig pynta, med norske flagg, Pensjonistforbundet sin banner godt synlig og serviettene på bordet hadde havet sin blåfarge. Ute var det kjempefint vér, sol og vindstille og utsikta frå spisesalen er berre unik. Vi følte oss hjertelig velkomne frå første stund, og med Helge Kvalsund sin fine taffelmusikk på trekkspelet er det ikkje å undrast over at praten gjekk livlig og at gjensynsklemmer var raust delt ut.

I alt var det 91 personer tilstades, 49 frå Ytre, 24 frå Indre og så hadde vi 18 gjestar!

Leiar i Ytre, Terje Krogset og leiar i Indre, Solfrid Hagemann ønskte alle vel møtt og fekk alle med seg i ein applaus for dei som dreiv foreninga før dei. Kirsten Storøy, Randi Ramstad (Indre) og Magnus Remøy (Ytre) fekk overrekt blomar for jobben. Einar Skar (også Ytre) var dessverre ikkje til stades, men vil få sine velfortente blomar.

Inviterte gjester vart ønskt spesielt velkomne, og fekk takk for at dei ville/kunne stille på pensjonistlaga sin jubileumsfest.

Terje Krogset, orførar Arnulf Goksøyr og Solfrid Hagemann

Ordførar, Arnulf Goksøyr var til stades, Mellvin Steinsvoll, som til daglig er leiar for Møre og Romsdal Pensjonistforbund, representerte Pensjonistforbundet sentralt, Anne Lise Hessen Følsvik, nestleiar i Møre og Romsdal Pensjonistforbund,  Per Ronald Knudsen Sparebanken Møre,  Signe Skarstein Herøy Sanitetsforening,  Gunnar Sydhagen Fagforbundet sitt pensjonistlag, Sigurd Nygard Frivilligsentralen,  Aslak Storegjerde Sande Pensjonistlag, vår faste musikant Steinar Åheim, og kveldens musikant, Helge Kvalsund.

Eldrerådet i Herøy kommune var også invitert, men kunne ikkje møte

Helge Kvalsund og Mellvin Steinsvoll

på grunn av sjukdom. Mellvin Steinsvoll hadde med seg gitaren og sammen med Helge laga han god stemning med å stemme i ”La oss leve for hverandre”

Og sist, men ikkje minst vart kveldens foredragshaldar, forfattar Liv Randi Bjørlykke frå Sykkylven presentert.

Då var det tid for allsong og til tonefølge av Helge Kvalsund med trekkspelet song vi ”Samlesong” av Marta Schumann. Helge spelte til alle songane vi song.

Terje Krogset fortalte at for 50 år sidan, den 20. mai vart Herøy Pensjonistforening skipa. Det var berre ei

Fylkesleiar Mellvin Steinsvoll repesenterte forbundet.

forening i kommuna på den tida. Det var Gunnar Roksvåg og Kåre Myklebust som i 1968 tok iniativet til å få skipa ei pensjonistforening, dei meinte at dei eldre i kommuna skulle få ein møteplass, og det vart rådhuskjellaren i første omgang. Seinare var dei i Sparebanken Møre sine lokaler og no har laget møta sine på Sanitetshuset på Eggesbønes. Lærar Sigvald Sundes vart første formann/leiar. Randi Almestad har laga ein flott prolog over desse 50 åra, og den las ho for forsamlinga.

Etter det song vi ”Vestland, Vestland”

Anne Lise Hessen Følsvik representerte fylkesforeninga

Solfrid Hagemann kunna fortelje at det var den 10/3 -78 det vart stifta foreining i Indre Herøy. Johan Knotten var første formann/leiar. Møtestadane har vore forskjellige, men no har dei fast møteplass på Møre Barne- og Ungdomsskule og trivest veldig bra med det. Ingrid Måløy hadde skrive flott prolog om Indre Herøy Pensjonistlag, og den las  Gerd Nordal Hansen til forsamlinga. Åpne vedlegget for å lese prologen.

Og då song vi ”No livnar det i lundar”.

Så fekk kveldens kåsør, Liv Randi Bjørlykke sleppe til med ei sjølvskriva historie der ho tok oss med på ei reise frå Kina til Remøya. Ja, ho fletta litt om Napoleon inn i dette også. Veldig morsomt var det, så vi lo godt fleire gonger. Ein god latter forlenger som kjent livet, så det var bra!

For at vi skulle greie å fordøye alt det ho hadde fortalt, spelte Helge Kvalsund nydelig taffelmusikk til oss ei stund.

Så var det helsingar og overrekking av gåver frå nokre av gjestene våre etterfulgt av ei lita pause til beinstrekk og dobesøk. Kl. 16.55 skal bordverset syngjast, vart det gitt beskjed om, og då song vi ”Gud signe maten på vårt bord” og vi fekk servert ein nydelig middag!! Svinesteik med tilbehør.

Ytre Herøy Kyrkjekor

Så kom Herøy kyrkjekor og underheldt. Dei ville synge tre songar, sa dei, men vist vi klappa litt ekstra vart det kanskje fire. Det vart fem! Dirigenten Dag Johan Flattun fortalte at dei var eit litt redusert antall i dag, for til vanlig er dei fleire. Leiar for Herøy Kyrkjekor, Gunnar Mykjebust takka for at dei fekk komme og for velkomsten. Dei ville ikkje ha betaling, men vart inviterte på kaffi og dessert.

Helge spelte taffel på trekkspelet igjen mens det vart servert kaffi og karamellpudding til dessert!

Det var tid for enno fleire helsingar og gåver, Solfrid og Terje tok villig imot og gledde seg over kvar ei!  

Så song vi ”Kom mai du skjønne milde”  og ein veldig kjekk jubileumsfest var nesten over. Vi fekk lokka ut nokre av kjøkkenpersonalet og dei mottok velfortent applaus og rosande ord for nydelig mat og servering.

Styremedlemar og varamedlemar i Indre Herøy, som var til stades på festen. Frå venstre bak: Turid Sporstøl, Elsa Nervik, Anna Aasmo, Anne Mari Tjervåg. Foran frå venstre: Solfrid Hagemann, Ingrid Måløy, Gerd Nordal Hansen, Rannveig Gjerde

Terje og Solfrid informerte litt om kva som skal skje framover våren og litt om haustens aktivitetar også, det er møter, fellesmøter og turer av ymse slag.

Ranveig Gjerde takka for samkoma. Fantastisk at nokon vil bruke tid på å lage så flott til for at andre skal ha det kjekt, sa ho og dei andre applauderte.

Så las ho diktet ”Ein deilig dag” Dansk tekst: Otto Leisner.

”Når igjen det er slutt på en deilig dag, hvor så mange gleder du fant.
Mens klokkene slår sine muntre slag,

som en takk for den dag som svant. Når så helt du

forstår, hva en deilig dag er verdt for det trette

Styremedlemar og varamedlemar i Ytre Herøy, som var til stades på festen: Bak frå venstre: Marit Hasfjord, Magnus Remøy, Terje Krogset. Foran frå venstre: Anna Nordbø, Hilde Karin Myrvoll, Anlaug Varhaugvik.

sinn.

Du har glemt de sorger der ligger bak,

skjult av solens siste skinn.

En gang blir det slutt på en deilig dag, før du vet er din aften nær.
Hva du gav og tok midt i livets jag,
du vil se hva det nå er verdt.

Men minnet vil farve en deilig dag, så skjønn som en morgen gry.
Om hjerte slår sine siste slag,
er der alltid en dag på ny”.

Jubileumsfesten vart avslutta med at alle song ”Fagert er landet” mens Helge spelte trekkspell til.

Terje Krogset sa tusen takk for frammøtet, håpte at alle hadde hatt det kjekt og ønskte alle vel heim!!

0 resultater