MEDLEMSMØTE I YTRE HERØY PENSJONISTLAG

MEDLEMSMØTE I YTRE HERØY PENSJONISTLAG PÅ SANITETSHUSET ONSDAG 07.03.2018 KL. 17.00.

Leiar Terje Krogset ynskte vel møtt og sa han tykte det var kjekt at så mange hadde møtt opp.  Det var i alt 40 pensjonistar til stades!

Spesielt velkommen til kveldens kåsør, Robert Voldnes, som skulle snakke om og syne bilde frå ”Gamle Fosnavåg” -

Den faste klubbmusikanten vår, Steinar Åheim, hadde sagt frå om at han ikkje hadde høve til å vere til stades. Då får vi berre synge ekstra høgt, sa Terje. Han forslo at vi skulle synge ”No livnar det i lundar” og det gjekk heilt fantastisk.

Forrige møte var Årsmøte, då vart Årsmeldinga frå 2017 lest opp, no skulle vi kanskje ha lese opp referatet frå Årsmøtet, men vi håper at alle har lese det i Vestlandsnytt. Steinar brukar også å lese dikt til forsamlinga.

Randi Almestad hadde sagt ja til å vere ”vikar” og starta med å seie at ”de vert nok ikkje kvitt meg so lett,

nei”, men ho fekk applaus fordi ho var der!! Ho las to nydelige vårdikt av Olav H. Hauge,

"Kirsebærtreet"

Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys yver fjorgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innanfor hageleet
som blømer i tidleg vår.
Mot gråe skytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
- ei jartegn på vår og mildt.

Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulden vigt.

«Is-soleia»

I bredegrus, i aur og stein
du stod so lysande og skein.
Ei dronning der i is og snjo
med drivkvit krune, glans og glo.

Di grøne kåpe fall um fot
og blenkte meg so bjart imot.
Med fagert lauv i tagg og tonn
du nikka ved den kvite fonn.

Men attanfor den gråe urd
reis breden som ein blågrøn mur.
Ei iskald elv frå Juklen rann
og faret ned til vatnet fann.

Det var so aud og kald ei verd.
Kor kunde du vel leva her?
Det bles so bitande ein vind
frå Kyrkjedør og Helvit-tind.

Du høyrer heime i ein heim
som alltid framand vert for deim
som ikkje livd for liv kan sjå
utan i si eigi krå.

 

Ho nemde at Herøyværingen Finn Coren, bror til Robert Voldnes, har sett musikk til Olav H. Hauge dikt. Vel verdt å høyre på!

 

Så song vi ”Dei gamle fjell i syningom” mens Robert kobla seg opp på AV-utstyret.

Han tok oss med på eit fantastisk reiseeventyr om Fosnavåg ”Frå Fiskevær til Offshore” med historiske bilder frå gamal tid og ny tid. Det vekte gode minner for mange av dei som var tilstades, og Robert fekk alle si merksemnd med sin veldig gode formidlings-og forteljarevne. Han fekk også god dialog med publikum og til tider var det morsomme historier som vart delt. Robert er litt over middels interessert i historie, elskar Fosnavåg og har halde foredraget til mange, mellom andre til arkitektane som deltok i konkuransen om utbygginga av Fosnavåg.

Han syntest det var kjekt å få dele dette med oss pensjonistane, og jammen sa han at han lærde litt av oss også!

Det siste bildet var eit dronebilde av Fosnavåg frå februar 2018, og så synte han eit bilde som var teke omtrent frå samme vinkel tidleg på 1970 tallet. Vi var einige om at det har vore ei rivande utvikling i Fosnavåg desse åra.

Terje takka Robert for flott kåseri og overrekte han ein fin orkidé!

Då song vi bordverset og det var tid for kaffi og boller. Flott tillaga av Lise Igesund og Halldis Voldsund.

Liste for påmelding til Jubileumsfesten vart sendt rundt på borda slik at dei som ville delta kunne skrive seg på.

Loddsalget, som er treårar av gamlesorten med 5 nummer på kvar side, gjekk raskt unna. Magnus, med stød hand, sto for trekkjinga. Randi sprang rundt med gevinstane som var kaffi og sjokolade og dessert på boks.

 

Det var tid for utdeling av hedersmerke for 10 års medlemsskap. Av ulike årsaker synte det seg av ingen av dei som skulle få hedersmerke var på møte. Namna vart lest opp, og merka skal dei få ved eit seinare høve. Det er desse 5 som skal ha merke:

Elsi Hagen, Odd Ingebrigtsen, Elsi Måløy, Alf Nerland og Kjellaug Sande.

Greta Muren, som gjekk ut av styret på årsmøtet vart gjort litt stas på. Leiar Terje Krogset takka henne for

arbei et og innsatsen og overrekte henne ein fin orkidé.

Så song vi ”Blåmann, Blåmann bukken min” av Aasmund O. Vinje.

Etterpå vart ordet gitt fritt, men i kveld var det ingen som hadde noko spesielt på hjertet.

 

Til slutt song vi ”Fagert er landet” og Terje takka for frammøte og ønskte alle vel heim.

0 resultater