PESJONISTLAGA I HERØY JUBILERER

I 2018 er det 50 år sidan Herøy Pensjonistforening no Ytre Herøy Pensjonistlag vart skipa og 40 år sidan Indre Herøy Pensjonistlag vart skipa.

I 2018 er det 50 år sidan Herøy Pensjonistforening no Ytre Herøy Pensjonistlag vart skipa og 40 år sidan Indre Herøy Pensjonistlag vart skipa.

Det var Musikklaget Bergshorn ved Gunnar Roksvåg og Kåre Myklebust som tok initiativet til at Herøy Pensjonistforening no Ytre Herøy Pensjonistlag såg dagens lys i mai 1968. Dei meinte det var viktig at eldre folk burde ha ein samlingsplass og eit lag som også kunne arrangere ymse tilstellingar og turar. Skipingsmøtet var på Rådhuset 20. mai der 70 pensjonistar møtte fram og det var full semje om å gå til skiping av eit pensjonistlag. Sosialkontoret i Herøy gav tiltaket si varme støtte og kommunen gav tilsagn om gratis bruk av fritidssalen i Rådhuset til laget sine møte og samkomer. Etter skipingsmøtet på Rådhuset vart alle bedne på middag på «Vestvang» av Sunnmøre Kreditbank AS.  

Sigvald Sundnes vart laget sin første leiar med Tommen Huldal nestleiar, Martin Roksvåg kasserar, Ragna Roksvåg sekretær og Ellen Voldsund styremedlem.

Averøy Pensjonistlag var ein god støttespelar i den første tida for pensjonistlaget. Grunnen til dette var nok at Martin Roksvåg kom til Herøy frå denne kommuna og hadde gode kontaktar der.

Dermed hadde «Bergshorn» og ungdommen i musikklaget fullført si oppgåve som medførte at pensjonistane i Herøy fekk sitt første pensjonistlag.

Medlemsmøta var den første tida i fritidssalen i Rådhuset, deretter flytte dei til Sparebanken Møre sine møtelokale. Ein kort periode var dei hos Nordea før dei så flytta til Sanitetshuset på Eggesbønes som i dag er samlingsstaden for medlemsmøta.

Ei hending i 1973 bør spesielt nemnast. Då vart Bassarshowet arrangert og på slutten av showet vart det opplyst at nettoinntekta skulle gå til pensjonistlaget som aksjar i samfunnshuset som vart Herøy Kulturhus. Summen vart kr. 4.000,-. Bassar var også ein aktiv underhaldar på jubileumsfesten til pensjonistlaget i 1988.  

Medlemstalet i starten var 36 og i dag er det kome opp i 155.

Alt første året i august arrangerte pensjonistlaget dagstur til Nordfjordeid. Kommuna var ikkje snauare enn at dei gav kr. 1.000,- i støtte til turen. Til turen vart deltakaren bedne om å ta med termos og mat. Så det var eit nøkternt opplegg. Middag fekk dei servert på «Heimen» på Nordfjordeid. Pris kr. 15,-.  I løpet av desse 50 åra har det stort sett vore arrangert ein sommartur for pensjonistane kvart år.

 

I mars 1978 fekk Herøy sitt andre pensjonistlag. Då vart Indre Herøy Pensjonistforening no Indre Herøy Pensjonistlag skipa. Skipingsmøtet var på Indre Herøy Ungdomsskule i Stoksund. Første medlemsmøtet vart også halde der den 7. april 1978. Medlemstalet var då 90. I dag er det på 66.

Jon Knotten vart laget sin første leiar og som han var i 8 år. Dei andre i styret var Alfred Myrvågnes nestleiar, Mikal Moltumyr kasserar, Klara Sandvik sekretær og Johannes Skorpen, Oskar Moltumyr og Jenny Sandvik styremedlemar.

Indre Herøy Pensjonistlag har hatt møta sine på ulike stader. I førstninga vart bedehuset i Tjørvåg nytta. Så flytte dei til Sætrekroa på Leikongeidet, vidare til Kjeldsund Ungdomssenter. Deretter til Losjehuset i Myrvåg og no vert medlemsmøte haldne på Møre barne- og ungsdomsskule i Myrvåg.

Indre Herøy Pensjonistlag har også vore flittig med å arrangere sommarturar. Den første turen gjekk til Lillehammer i 1978.

Dei siste åra har dei to pensjonistlaga samarbeidd om å arrangere sommarturen for pensjonistane. Det har vore svært god oppslutning om desse turane.

Pensjonistlaga har i dag medlemsmøte ein gong kvar månad der svært mange møte opp. Pensjonistane set pris på å kome saman til sosialt samvær over ein kopp kaffe med litt mat attåt. I tillegg har vi mange gode og interessante kåseri på møta.

Dei siste åra har også Pensjonistlaget til Fagforbundet i Herøy slutta seg til møta våre. Dette er vi svært glade for. Dei kan også melde seg inn pensjonistlaga for ein rimeleg kontingent. Dess fleire vi er til større påverkningskraft har vi på ting som skjer.

I dag er pensjonistlaga aktive på mange område til beste for både for heimebuande pensjonistar og pensjonistar som av ulike grunnar må bu på institusjon. Det frivillige arbeidet vi utfører vert set stor pris på.

I tillegg har vi mange gode samarbeidspartnarar og støttespelarar som Herøy Sanitetsforening, Frivilligsentralen, Sparebanken Møre og Eldrerådet. Spesielt vil også nemne Steinar Åheim som møter opp på møta i Ytre Herøy med trekkspelet sitt. Eit frivillig arbeid som det står stor respekt av og som er til stor glede for pensjonistane.

Pensjonistlaga til også gje honnør til Vestlandsnytt som har vore ein god «medspelar» for at laga sine aktivitetar har vorte godt kjent i kommunen.

Styra i jubileumsåret er:

Ytre Herøy: Terje Krogset leiar, Magnus Remøy nestleiar, Per-Arne Gjerdsbakk kasserar, Anlaug Varhaugvik sekretær, Olaug Barstad og Anna Nordbø styremedlemar.

Indre herøy: Solfrid Hagemann leiar, Ranveig Gjerde nestleiar, Anna Aasmo kasserar, Gerd Nordal Hansen sekretær, Ingrid Måløy og Anne Mari Tjervåg styremedlemar. 

 

Jubilea skal dei livsfriske pensjonistlaga feire samen på Hotell Neptun 11. april med rikhalde program

0 resultater