Tresfjord pensjonistlag  på tur med utsikt over Geirangerfjorden 2017.

Årsmøte avholdt 2. februar 2018

Du kan lese årsmeldingen her.

 

             Årsmelding 2017 for Tresfjord pensjonistlag

 

I året som har gått har vi hatt åtte medlemsmøte på Ridderkroa.

Det har vore to styremøte. Mange har gledd oss med musikk, foredrag og jamvel dans. Dei som har halde foredrag er Greta Bjerke, Johan Hjelvik, Inger Marie Sylte og Astrid Vik. Musikarar  som har vore her er Kjell Arne Nakken, Grendalaget, elevar frå Vestnes kulturskule, Ragnhild Braute og Kåre Myren.  Gruppa Særsvip var på møtet 6. oktober og underheldt med både dans og trøorgel. Oddvar Norgård har vore her og synt fram bilete frå  turar han har vore på.  Den 7. juli arrangerte vi tur. Den gjekk  via Ørsta, Bondalen, Øye, Norangsdalen, Hellesylt og heim. Medarrangør var Vike pensjonistlag, og 33 personar var med. Vi åt god middag på Rekkedal Gjestehus, og fekk kaffi og bakels på Per Gynt senteret på Hellesylt. Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur. Knut Romestrand var utsending  på årsmøtet til Pensjonistforbunden Møre og Romsdal..

Vi arrangerte julebord på Ridderkroa i lag med Vike pensjonistlag  og Grendalaget 6. desember, og der var bra oppslutning.

Ser vi på året under eitt har aktiviteten vore bra. Men det er blitt krise med oppmøte, og dersom vi ikkje kan få fleire medlemmer eller få fleire på møta er det vanskeleg å halde fram slik som no.  Ein utveg er samarbeid med Vike. Leiar har hatt samtale med Vike pensjonistlag om vi kan halde felles møte og det er dei positive til.

Dei som har vore med i styret er Gunnar Daugstad, Peder Kjersem, Ivar Arne Gjeitnes, Anne Sylte og Knut Romestrand.  Knut Romestrand har vore leiar, Gunnar Daugstad nestleiar og Peder Kjersem kasserar. Varafolk har vore Kirsti Skjegstad og Liv Øvrebø, revisorar Arvid Flenstad og Arnljot Løvik , valgnemnd Arvid Flenstad og Erna Vik. Medlemstalet ved utgangen av året er 20.

 

                                               Styret

0 resultater