Årsmøte 2018

REFERAT ÅRSMØTE I SANDE PENSJONISTLAG  7/2  2018 

ÅRSMØTE I SANDE PENSJONISTLAG 7/2 2018 Kl. 16 00 PÅ «ØYA» V/ SANDETUN.

 

Vi starta med å synge : Mellom bakkar og berg …… , dermed var vi i gang.

SAK 1 KONSTITUERING AV MØTET:
Styreleiar Gjertrud Vik ynskte alle hjerteleg velkomne og ynskte forslag til møteleiar.

Gjertrud vart vald til møteleiar og Ove Rønnestad vart vald til sekretær.

Det var ingen som hadde innsigelser mot innkallinga til årsmøtet, det møtte 36 medlemmer.

SAK 2 ÅRSMELDING:

Sekretær Ove Rønnestad las opp årsmeldinga, og etter litt diskusjon vart den godkjend.

SAK 3 REKNESKAPEN:

Kasserar Jon Garen las opp rekneskapen, som vart godkjend uten merknader.

Der var for øvrig eit overskudd på Kr. 10.359,-

SAK 4 KONTINGENT FOR 2019:

Det vart enighet om å behalde samme kontingent som i år ( 355,-). Nye reglar gjer at

Laget i år vil få Kr. 110,- pr. medlem i forhold til Kr. 60,- i 2017.

SAK 5 NEPALPROSJEKTET:

Årsmøtet meinte at dette skal vi støtte med samme sum som i 2017, Kr. 2000,- .

SAK 6 FYLKESÅRSMØTET:

Styre fekk fullmakt frå årsmøtet til å utnemne ein person. Det er 14. – 15. mars.

SAK 7 FELLESTUR:

Styret tek sikte på ein tur i månedskiftet mai / juni. Og ynkjer forslag frå medlemmane

Om kvar og korleis.

SAK 8 VALG:

Aslak Storegjerde las opp valnemda sine framlegg for dei som stod på valg.

Gjertrud tar gjenvalg, under tvil. Jon Garen takkar nei og vert erstatta av Aslak.

2. varamedlem foreslått Randi Tuxen Ringkjøb.

Valnemd for 2019 der Aslak var vald i fjor for 2 år, må årsmøte ta stilling til.

Innstillingane frå valnemda vart godkjend med akklamasjon.

Dermed måtte årsmøtet velje ein erstattar for Aslak i valnemda for 2019.

Jon Garen sa seg villig til å delta i valnemda, og vart vald med akklamasjon

 

STYRET I SANDE PENSJONISTLAG I 2018 VERT DÅ SLIK:

Leiar Gjertrud Vik På val kvart år.

Nestleiar/Sekretær Ove Rønnestad « 2019

Kasserar Aslak Storegjerde « 2020

Styremedlem Kjell Rovde « 2019

Styremedlem Dagrunn Knotten « 2019

  1. Vara Sigmund Strand « 2019
  2. Vara Randi Tuxen Ringkjøb « 2020

Valnemd: Jon Garen - Møyfrid Tveiten På val 2019

Revisorer: Arne Dyrhol - Andor Voldnes « 2019

Etter valet song vi: Den fyrste song eg høyra fekk… Og Kjartan Oksavik fekk ordet.

Han hadde som tema: Kommunikasjon – memikk, enkle eller kompleserte måtar

Å formidle innformasjon på.

Då vi hadde songe matverset, forstod alle at no vanka det mat og kaffi.

Den nyutnemde kasseraren fekk det travelt med å krevje inn hundrelappen,

Mens vi andre åt og prata.

Til å skrive undr møteboka valde vi Aslak Storegjerde og Sigmund Strand.

 

Song ein song då møte var slutt, ca kl. 18 00.

0 resultater