Alle foto: Einar Waldal

Pensjonistar på tur til Valdres

Søndag 13. august var til saman 37 pensjonistar frå Stordal, Valldal og Eidsdal samla i bussen til Geiranger turbuss

Søndag 13. august var til saman 37 pensjonistar frå Stordal, Valldal og Eidsdal samla i bussen til Geiranger turbuss. Det var lett regn men stemninga var god der Tobben guida oss gjennom Geirangerbygda med historikk og info om det vi passerte. Turen gjekk vidare til Lom der vi hadde lunch på Fossheim Turisthotell. Nydeleg mat. Reiste så vidare over Valdresflya og Beitostølen. Ved Gjende stoppa vi og såg på båtane og folka som vart frakta vestover vatnet for å gå over Besseggen. Veldig mykje folk i fjellet, men vi skulle vidare til Valdres Høyfjellshotell dit vi kom kl. 17. Hotelldirektør Kåre ønska velkommen til middag kl. 19 med levande musikk og dans etterpå.

Måndag 14. Denne dagen sto sætertur på programmet. Vi køyrde frå hotellet kl 11.30 og opp på ei sæter som låg på 1000 m over havet.Det var flott ver med sol og blå himmel og her fekk vi høyre historia om sæterdrifta som fremdeles vart halde i hevd. No har dei fellesfjøs for både geit og ku og melkebilen frå Fagernes 6 mil unna hentar melka. Så vart det servert sætrekost med rømmegraut, ertersuppe, spekemat og kaffi. Veldig kjekk dag.

Tirsdag 15. Etter frokost gjekk turen ned til Fagernes. Her reiste nokre til Valdres Folkemuseum og andre på shopping. På museet fek vi ein kort guida tur med historia om museet, og om langeleik og haringfele samt ei lita danseoppvisning med

blant anna Valdresspringar. Vi returnerte til hotellet for lunch. På ettermiddagen kom regnet så då vart det avslappning resten av dagen.

Onsdag16. Dagen vart brukt til å utforske området rundt hotellet som ligg fint til ved eit vatn. Der var fleire merka turstiar, noko for alle. Etter lunch samlast vi framfor hotellet der vi kosa oss med hesteskokasting, krokkett, boccia og ringspel. Veldig kjekk dag i sola der det var fritt for alle å vere med eller berre sjå på.

Torsdag 17. Eter frokost var det tid for heimreise. Turen gjekk via Gjøvik, Lillehammer og til Vinstra. Der hadde vi lunch. Vidare gjekk turen opp Gudbrandsdalen, Bjorli, Åndalsnes og heim. Veret var fint heile dagen, til vi var nesten heime. Takk til sjåfør Tobben og alle som var med som gjorde det til ein veldig kjekk tur.

AED

0 resultater