Sunnfjordsalen

Sommartreffet 2017

20.juni gjekk Sommartreffet 2017 av stabelen arrangert av Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane. 350 pensjonistar hadde møtt opp til ein underhaldane og kjekk dag i lag.

Sommartreffet i år vart arrangert på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde tysdag 20. juni.
Sommartreffet skifter mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I år var det Sunnfjord sin tur, og saman med fylkeslaget var pensjonistlaga i Jølster og Førde vertskap.
                350 pensjonistar frå heile fylket hadde kjøpt billettar, den store Sunnfjordsalen i 4. etasje vart fullsett.
                 Tradisjonen  tru starta vi med ein god middag, det er ikkje berre sunnfjordingane som likar «å ete fysst». Sommartreffa vert planlagde slik at det er god tid til sosialt samvær, mange pensjonistar frå ulike deler av fylket treffer kvarandre kanskje berre denne eine gongen i året.
                 Etter middagen samlast vi i Sunnfjordsalen. Fylkesleiar Per Kjelstad ynskte alle velkomne, og presenterte programmet og aktørane. Med ein sal fullsett av feststemde pensjonistar, godt program og lageleg innever, vona han dagen ville verte triveleg og gje gode minne.  

Per Kjelstad, fylkesleiar

                 Lokallagsleiar i Balestrand og 1. vara til fylkesstyret, Anny Urtegaard, hadde Ord for dagen, ein god tradisjon som alle pensjonistlag praktiserer. 
                 Ordførar Olve Grotle ynskte oss velkomne til Førde, og gav ein god og patriotisk presentasjon av kommunen og byen Førde.
                  Etter allsongen «Morgon på Kobbeskjeret», med tonefylgje av Rønnaug Bolset, fekk Oddgeir Bruaset ordet. Han kjenner vi alle frå dei mange  fjernsynsprogramma « Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», frå dei mange bøkene han har gjeve  ut, osv. Denne gongen la han mest vekt  på å fortelje  om eit par av dei mest særmerkte og imponerande personane han hadde møtt under arbeidet med fjernsynsserien. Det var tydeleg at forsamlinga var fullt og heilt med. 

Oddgeir Bruaset trollbatt publikum

                  Så overtok den yngre generasjonen scena. To unge jenter frå Haukedalen spela og song.
Det var Maria Susanne Hage, song, og  Solveig Myren på gitar. Innslaget var svært populært, ingen generasjonsmotsetnader når det galdt musikksmaken.  

Maria Susanne Hage og Solveig Myren opptrådde med song og musikk

                  No var det tid for kaffi og kaker i spisesalen «Laxen», også no med god tid til ein hyggeleg prat, før vi på  nytt samlast i Sunnfjordsalen til  meir program.
                 Oddvar og Jorunn Torsheim overtok no scena. Jorunn imponerte med songen sin, og Oddvar sjarmerte som vanleg alle. Dei avslutta i lag, med «Jølsterdag». Vi er heldige som har slike kunstnarar i vårt eige miljø.  

Jorunn og Oddvar Torsheim

                  Frå vårt eige miljø kjem også Nils Gjerland, bonde, tidlegare ordførar, lyrikar og kåsør frå Haukedalen og Førde. Han trefte forsamlinga heime med sitt kåseri, både underhaldande og tankevekkjande, ein fin siste programpost.  

Nils Gjerland 

        
                  Før dagen vart avslutta med allsongen «Vestland, Vestland», takka fylkesleiar Per Kjelstad alle som hadde vore med og gjort sommartreffet vellukka også i år, alle aktørar, festkomiteen, hotellet, og  framfor alt, alle pensjonistane frå heile fylket som var med og skapte stemning og fest.
Han inviterte og til stor paneldebatt midt i valkampen, på Thon hotell Jølster på Skei den 23. august kl. 17.00. Dette er ein god sjanse for oss pensjonistane i fylket til å få merksemd på våre viktigaste saker.
                  Det høyrdest ut for at publikum hadde lika seg godt og reiste heim att med eit lite lager av godt humør. Neste år vert sommartreffet i Nordfjord.

Per Kjelstad, fylkesleiar
 

0 resultater